Boka er eit førhandseksemplar frå Aschehoug forlag
Etter å ha lest mykje original engelsk litteratur i det siste, følte eg at eg ville ha noko lettare å lese på. Basert på omslaget tenkte eg at dette ville vere noko eg berre kunne dykke ned og forsvinne i. Og eg kan helse og sei at boka raskt sugde meg inn. Og så er det så deilig at når ei bok først gjer det, så er den sånn fem hundre sider lang og det kjennest som om den aldri skal ta slutt.
Handlinga i romanen er basert på ekte historie: Under fyrste verdskrig møtte den nest eldste dottera til den russiske tsaren ein soldat ho forelska seg i. Ho pleide han som sjukepleier etter at han blei skada ganske tidleg under krigen. Dei utviklar raskt varme kjensler for kvarandre, til trass for at han er eit stykke under hennar stand. Gill Paul skriv sjølv at denne boka tek for seg kva ho ser for seg hendte etter revolusjonen i 1917, då ho ikkje kunne få seg til å tru at soldaten Dmitrij svikta storfyrstinne Tatjana.
Eit av dei store spørsmåla i europeisk rojale historie har jo vore om Anastasia overlevde (sidan liket av henne blei funne mykje seinare, då ho blei begravd på ein annan stad enn resten av familien). Denne boka tek utgangspunkt i den same idéen: Kva viss Tatjana overlevde, takka vere Dmitrij? Vidare byggjer Paul romanen opp med oldebarnet til Dmitrij, Kitty Fisher, som nettopp har gått frå ektemannen sin og forlatt Storbritannia til fordel for bestefarens hytte i ein skog utanfor New York.
Eg har lest forunderlig lite skjønnlitteratur med handling frå Russland, så eg antar eg kan krysse det av på lista. (I sommar har eg nemleg store planar om å lese mange romanar satt til eksotiske land.) Det er jo eit ganske fascinerande land (og historia om revolusjonen og drapet av tsaren og familien hans har alltid interessert meg), som har røtter både i det orientalske og europeiske. Det er rett og slett eit vanvittig bra bakteppe for romanen. (Og så er det veldig historisk korrekt, nesten overveldande truverdig.)
Til slutt må eg berre legge til at dette var ei fantastisk bok. Om du trur Lucinda Riley er bra, er det berre å gyve laus på Gill Paul: dette er endå betre.
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017
Fleire bøker av Gill Paul finn du HER.
One thought on “«I gode og onde dager» av Gill Paul”
Kommentarfeltet er stengt.