Sitat

«Det var en gang en jente som la an på svogeren sin, og så hengte han seg» av Ljudmila Petrusjevskaja

Boka er sponsa av Solum forlag

Denne tittelen, altså. (Verdens lengste?) Snakk om å dra til seg merksemd! Korleis kan du gløyme ei bok med ein slik tittel?? (Rett svar: du kan ikkje.) Innhaldet i boka lar seg heller ikkje gløyme like lett. For det var dette med russisk litteratur, då. Det er jo noko for seg sjølv. Dette er ikkje ei bok å dukke ned i, eller pløye gjennom. Denne boka må lesast, så ta deg litt tid.

Undertittelen og innhaldet i boka er «kjærlighetshistorier». Boka er delt inn i fire delar: En dyster skjebne; Hymne til familien; Ungen min; og Happy Endings. Det er altså ikkje berre romantisk kjærleik det er snakk om, det er ganske så universelt. Men så har vel alle kjærleikshistorier i livet sitt? Ein kan jo ikkje bli fødd utan at foreldra dine låg saman, og dei aller fleste forelskar seg i nokon, eller i det minste er glad i familien sin. Så mykje av livene våre legg jo kjærleiken til grunn (stopp meg dersom dette blir veldig hippie-aktig)! Altså, det er berre ei samling historier om ulike liv, det er ikkje ei bok full av klissete da-han-møtte-henne og knuste hjerter. (Slapp heilt av.)

Nei, det er mykje djupare enn som så. Det er ei blottlegging av det menneskelege. Kvifor gjer vi som vi gjer når vi er forelska? Kvifor skyv vi unna dei som elskar oss? Korleis påverkar foreldra vårt framtidige kjensleliv? Kvifor er vi villige til å ofre alt? Eller godta alt? Favoritthistoria (eg vil ikkje kalle det noveller) mi var nok Far og mor (side 79, om du vil hoppe rett dit). Den var så sannferdig, så ekte og (dessverre) altfor reell. Det er så mange slike forhold, men takk gud at vi (av og til, viss vi vil) kan lære av dei.

Eg er uhyre imponert over omsetjinga (gjort av Hege Susanne Bergan). Det grensar meir til ei gjendikting, for originalteksten er blitt så godt tilpassa det norske språket. Med uttrykk som «lissom», «nå blir det liv» og «helt usaklig» gjer teksten så… norsk (?). Hadde det ikkje vore for namn som Klavotsjka, Milgrom og Jegorusjka (og alle referansane til Moskva) kunne ein kanskje gløymd at boka er russisk og ikkje kva som helst slags anna språk. Men samstundes er det utan tvil russisk; det er noko melankolsk, mørkt og ekstremt sterkt over teksten, noko veldig… russisk. På ein god måte, om du skulle vere i tvil.

TLDR; Perfekt for deg som vil ha noko annleis å lese, av høg kvalitet. Handler ikkje om kliss.

Forlag: Solum
Utgivelsesår: 2016

Advertisements