Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke
I sommar har eg satt meg som mål å lese mange romanar med handling frå andre land, og sidan «dameromanar» er min guilty pleasure (kan ein kalle det guilty pleasure når eg konstant skriv om slike bøker her på bloggen?), vart eg ikkje skuffa når eg oppdaga kor mange av årets utgivelser som har handling frå eksotiske land. Denne historia er frå Vietnam, frå då franskmennene hadde kontrollen i landet. Femtitallet, altså. Og tilfeldigvis den historiske epoken eg liker best.
Nicole har aldri heilt kjend seg heime i familien sin. Ho er halvt fransk, halvt vietnamesisk. Mora hennar døydde i barsel med henne, og faren og storesystera Sylvie klandrar henne for det, på sitt eige vis. Nicole ser like fullblods vietnameser ut som mora, medan Sylvie har dei franske trekka til faren. Ho veit ikkje heilt kor ho høyrer heime. Når faren trekk seg ut av bedrifta si, gir han alt til Sylvie, medan Nicole berre får ein gamal og nedlagt silkebutikk. Nicole føler seg blodig urettferdig behandla, men det er ikkje dette som verkeleg øydelegg forholdet til faren og systera – det er det ho ser den kvelden under ballet.
Dei første nitti sidene tenkte eg at dette kom til å bli ei kjempekjedeleg bok, som ikkje var original på ein flekk. Det var berre ei einsam jente som kjende seg utanfor og så forelska seg. Men på side 96 forandra alt seg (men ikkje gjer noko så teit som å lese den sida først). Vidare utvikla det seg ein dramatikk, og det var verkeleg ei velskriven historie.
Eg har nettopp lese dei to fyrste bøkene av De syv søstre av Lucinda Riley, og tenkte fleire gonger at «bakgrunnshistoriene» i bøkene med fordel kunne vore sine eigne romanar. Og tenk, så fikk eg akkurat det eg ville ha i denne! Ein historisk roman utan hopping mellom to generasjonar – noko så sjeldan i desse dagar. Så om du har tenkt i samme baner som meg, at den historiske delen av Rileys romanar er dei beste, så er denne boka verkeleg noko du ikkje vil gå glipp av.
Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2017