Sitat

«Dam» av Claire-Louise Bennett

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Denne boka gir ordet «kritikerrost» ei ny meining. Den har fått så mykje skryt, og nytt opplag er allereie på vei. Og den er berre nokre veker gamal! Det var anmeldelsen i VG som gjorde at eg skaffa meg eit leseeksemplar, for kor høgt anbefalt kan eigentleg ei bok vere?

Dette er debutboka til Bennett. Debutbøker er alltid spennande. Dei er ofte så utruleg gjennomarbeidd, for forfattaren har gjerne jobba med den i årevis medan ho eller han venta på å få den publisert. Denne boka verkar det derimot som om Bennett berre har stått opp ein dag, skjenka seg ein kopp te og rabla ned. Og høyr-høyr: DET ER EIN GOD TING. Teksten flyt så lett, verkar så lite tvungen, så munnleg og naturleg.

Boka handler om ei kvinne som lever i einsemd på den irske landsbygda. Ho knyt seg til naturen og forsvinn liksom inn i den. Alt det vi kanskje ser om viktig i liva våre, viskar ho nesten heilt ut; kven ho er, mannen ho har eit forhold til, utdanninga si, karriera si. Alt er vagt og gøymd godt. Heile boka er berre mange – både korte og lange – tankestrøymar, om absolutt alt mogleg; om det enkle livet denne kvinna lever, eit skilt som er blitt satt opp, ein middag ho ikkje ville ete, ein fest ho planlegger ned til minste detalj. Eg trur det skjer noko med veldig isolerte menneske, eit eller anna endrar seg. Bennett får fram denne endringa, ein slags desperasjon. Etter kva er ikkje like lett å setje fingeren på, men noko er det.

Dette er ikkje ei bok du berre kan bla gjennom, du må lese den. Du må lese kvart einaste ord. Du må lese alle dei små teikna på sorg, panikk, sinne, og alle situasjonane – små eller store – som frustrerer, overvelder og opprører. Den pirrer og provoserer, men mest av alt pirker den i nysgjerrigheita mi. Det er noko meir her, noko eg heilt sikkert har gått glipp av.

Eg absolutt elsker det norske omslaget! Originalboka er heilt blå med enkel kvit skrift foran (for dei som vil lese på engelsk), og den er fin nok den, men sjå på det her da! (No er jo eigentleg alle bøkene til Pelikanen forlag så utruleg skjønne.)

Forlag: Pelikanen
Utgivelsesår: 2017

Advertisements