Sitat

«A Work In Progress» og «Note To Self» av Connor Franta

Når eg skaffa meg desse bøkene, ante eg ikkje kven Connor Franta var. Rett og slett fordi eg ikkje eigentleg sit på YouTube og ser vloggar. Det har bare ikkje vore mi greie. For om du lurer, er Connor Franta ein ung gut som i enda yngre alder hadde millionar av følgjarar på YouTube. (Kor kul er du, liksom?) Eg endte opp med bøkene etter å ha forelska meg i omslaget til Note to self (herrejesus så vakre bøkene er!), og spurte etter eit leseeksemplar etter å ha bladd i boka. Og når eg fekk den, oppdaga eg at dette var oppfølgjaren til den første memoaren til Franta, altså A Work In Progress. Og når eg endeleg fekk tak i den igjen, kunne eg byrje lesinga. Det er altså mykje styr og venting bak dette innlegget. Det store spørsmålet er jo alltid: var bøkene verdt timane det tok å lese dei?

Etter å berre ha lest fem side, boblar det inne i meg. Eg veit allereie at svaret er ja – eit rungande ja; desse bøkene kjem eg til å elske. (Det skjer av og til, når bøkene er veldig gode, at eg konstant må notere kva eg tenker om boka og må skrive dette innlegget undervegs så eg ikkje gløymer noko.) Connor skriv så naturleg, så morosamt – eg trur han kunne ha skrive kva som helst og det ville vore interessant (kanskje det er derfor han har millionar av følgjarar på YouTube-kanalen sin?).

Kva kan eg seie om innhaldet i boka? Det er jo ikkje akkurat som om eg kan tease litt med handlingsforløpet, det er jo berre ein ung gut som fortel om livet sitt så langt. Eller, «berre og berre», fru Blom. Det er ei bok om ein oppvekst, om vennskap, å vere usikker

Men slapp av, dette er ikkje ei deprimerande bok om ein vanskeleg oppvekst, einsemd i tenåra og korleis vlogging redda livet hans. Nei, Connor har hatt ein fin oppvekst og skulegang, alltid hatt mange venner og eit godt forhold til foreldra sine. Det som er så spesielt her, er perspektivet han har på det.

Og så er her mange bilete (eller foto, om du vil)! Det er veldig koselig å sjå familiebilete, tilfeldige tullebilete tatt med mobil, bilete av venner — det bryt teksten opp på ein fin måte. (Du treng forresten ikkje bekymre deg om om du burde google han før du byrjar å lese. Det treng du ikkje, han forklarer alt meir enn godt nok sjølv.)

Note To Self er eit leseeksemplar frå Norli

Bok nummer to er ikkje ein memoar på same måte som den første. Det er meir ei samling av bilete, dikt, tanker og slikt. I introduksjonen skriv Connor sjølv: I’d like to think of this as a scrapbook of my mind. A collection of small vulnerabilities. A harmony of notes to self. (For eit språk!) Språket er faktisk veldig likt The Fault In Our Stars og dei andre bøkene til John Green (som tilfeldigvis er ei av favorittbøkene hans), så om du likar dei, er desse midt i blinken for deg.

Connor er ei kunstnarsjel, og i denne boka er det ekstra mange bilete. Ikkje berre familiebilete, men fotografi han har teke sjølv. Han kombinerer bileta med dikt, bruker dei for å bryte opp tekst og delar av boka. Det er stort sett ganske enkle bilete, men ein får lyst til å klippe dei ut og ramme dei inn (men så klart ville eg aldri klipt i boka mi, er du sjuk?!). No trur eg ikkje han skal satse på å bli poet (sjølv om her er nokon gullkorn), men tekstane hans er ganske gode. Han opnar opp om det å kome ut av skapet, få hjartet sitt knust, å slite med depresjoner og kjem med råd til korleis vi kanskje burde bruke tida vår.

Bøkene er – på grunn av sin unge forfattar – ungdomsbøker. (Eigentleg er det litt slik som debatten rundt biografien til Sophie Elise – «er ho ikkje for ung til å utgi biografi?») Men slik som Sophie Elise, har Connor Franta oppnådd mykje i løpet av få år: mykje musikkproduksjon, videoar, enorme veldeldighetsprosjekt i Afrika og no bok. (Det er lov å bli imponert, kanskje til og med applaudere.)

Seriøst, desse bøkene er så vakre! Både omslaget, det grafiske designet inne i boka, til og med papiret er tjukt og skrifta estetisk trykt på det. Altså, dei er på det nivået at det er helt ok å ha bøkene sjølv om du ikkje kan lese engelsk og berre sjå på bileta. (Eg kjem ikkje over det.) Så kjøp bøkene, og NYT DEI.

Forlag: Keywords Press
Utgivelsesår: A Work In Progress (2015), Note To Self (2017)

Advertisements