Sitat

«Tusen etasjer høy» av Katharine McGee

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

Om du nokon sinne har ynskt deg ein blanding av Gossip Girl og science fiction, så har du fått ønsket ditt oppfylt. Meir spesifikt kan eg faktisk ikkje skildre denne boka, denne underlege og fantastiske blandlinga.

Handlinga går føre seg i (det herrens år) 2118. Mykje har forandra seg (teknologi, meldinger som går via linser ein har på auget, hologram) men menneske er enno menneske. (Kudos til McGee for å ta med den seksuelle aksepten samfunnet vårt held på å utvikle, for omtrent alle i tårnet er bifile. Utrulig kult gjort!) Ei av dei største endringane er kanskje det enorme tårnet som er bygd på omtrent heile Manhattan. Med sine tusen etasjer ruver det over absolutt alt, og rommer ei enorm mengde menneske.

I den tusende etasje er det berre éi leilighet, og der bur ekteparet Fuller med sine to barn: adoptivsonen Atlas og den genetisk (og perfekt) konstruerte dottera Avery. Men til trass for perfeksjonen er ikkje Avery lukkeleg, for ho er forelska i det eine mennesket ho ikkje kan få, nemleg adoptivbroren sin (æsj). Når det går opp for Avery at bestevenninna Leda er forelska i broren hennar, kjølner forholdet mellom dei. Leda forstår ikkje kvifor Atlas ikkje er interessert, og betaler det fattige ingeniørgeniet Watt for å spionere på Atlas via «feeden» hans. Og slik møter Watt Avery, og forelsker seg. I tillegg møter vi Rylin, ei fattig jente som forelsker seg i den rike og deprimerte arbeidsgiveren sin, før ho risikerer alt for pengane sin skyld. Og rike Eris, som mister alt når mora avslører at Eris» far ikkje faktisk er faren hennar. Alle liva til desse menneska vert knytt saman, men ein av dei skal døy. I november 2118 vil ei av jentene falle frå toppen av tårnet og knusast mot bakken. Men kven av dei? Og kvifor?

Boka vert ikkje ordentlig spennande før dei siste femti sidene, men alle skildringane av teknologien og den fiktive framtida er meir enn interessant nok til å halde leselysta oppe. McGee er i alle fall kreativ nok! (Det einaste eg slit med er å sjå for meg tårnet utanfrå, korleis det kan vere fire tusen meter ned til bakken frå toppen, for det må jo skråne på eit eller anna tidspunkt??) Det er som sagt ei slags krysning av Gossip Girl og sci-fi, men det funker merkeleg bra! Kjempekul og original historie, med ei klassisk og god oppbygning.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017