Sitat

«Jeg gidder ikke leve uten deg» av Christelle Ravneberget

Dette var skuffande greier, altså. Eg trudde av ein eller annan grunn at dette skulle vere ein ungdomsroman. Når det etter eit par sider gjekk opp for meg at det var det absolutt ikkje, googla eg boka og såg masse kritikerros og minst éin pris, medan «vanlege» lesarar hadde slakta den. Så eg må nesten henge meg på: dette var ikkje noko særleg.

Handlinga er lagt til Oslo sånn cirka rundt år 2000. Annabel er ein ung kunstner som kastar vekk livet på alkohol og dop. Ho forelsker seg i vokalisten Christian, som om mogleg er endå hardare på rusmidla. Dei forelskar seg, men han vil ikkje gå frå dama og barnet sitt. Så han er utro med Annabel i nokre år, og dei slår jevnlig opp og blir deretter saman att. Her er vald, sex, narkotika og alkohol. (Og sutring.)

Eg kan starte med det positive: her er eit par bra vendingar Ravneberget har komponert. Men miljøskildringane, personskildringane og dialogen er ekstremt lite truverdig. Det skal liksom vere rundt 20 år gamalt, men det verkar alt for moderne. Språket inneheld altfor mange flosklar og klisjear, og det vert kjedeleg å lese. Eg forstår ikkje heilt at denne boka er vert kalla «heftig», her er jo berre klaging og syting og mangel på vilje. Og dersom du leiter etter bøker om mistilpasning, narkotika, ujevne forhold og depresjon, så er det mange betre romanar å få tak i.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015