Sitat

«Homegoing» av Yaa Gyasi

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette er ein familiehistorie du aldri har lest maken til! Seriøst, denne boka er heilt spektakulær. Det er kanskje den beste debutboka eg har lest. Om du leiter etter ei god bok, ein historisk roman, noko sterkt, noko om afrikansk-amerikansk historie, eller rett og slett berre #sommerboka, så er romanen til Gyasi eit eksepsjonelt bra valg. (Dersom du les på engelsk, for boka er ikkje omsett til norsk.)

Vi starter på Afrikas gullkyst, i det som no er Ghana. Maame er ei ung Asante-kvinne, slave for Fante-stammen. Som slavejente føder ho ei jente, Effia. Like etter fødselen klarer ho å rømme tilbake til Asante-folket, og får der ei ny datter, Esi. Effia og Esi får ganske ulike skjebner: Effias stemor hater henne og gifter henne bort til ein britisk slavehandlar, medan Esi vert fanga og ender opp med å bli solgt som slave i Amerika.

Effia bur enno i Ghana, og gjennom etterfølgjarane hennar (eit slektsledd om gongen) vert ei historie om eit stadig meir moderne Afrika skildra. Frå britane sin slavehandel (og så klart rivaliserande stammer som solgte kvarandre), til misjonærskular til utvandring. Blanda saman med afrikansk overtru, ein unik kultur og harde liv, vert dette utrulig sterkt. Mindre sterkt er heller ikkje forteljinga om Esi si slekt, som veks opp på plantasjer. Her er heile den amerikanske historia om slaveri, rasisme, forsøket på den amerikanske draumen, som var/er tilnærma umogleg for svarte i sørstatane.

Som nemnd følgjer ein eitt og eitt slektsledd frå både Effia og Esi sine sider. Ein skulle kanskje tru at berre tjue sider til å oppsummere det mest avgjerande i nokon sitt liv ville vore litt knapt, men Gyasi klarer å skape djupt gripande portrett gang på gang. Det er heller ikkje vanskeleg å halde styr på kven som er kven, for Gyasi har tatt seg bryet med å lage eit slektstre og slengt med på forsida. (Takk, gud.)

Og så skildringane av Afrika, då. Det er så bra gjort! Både mentaliteten til stammefolka, religionen, livssynet, miljøet rundt dei, ikkje minst naturen… Det er magisk. Denne boka gjorde eit enormt inntrykk på meg, og eg kan ikkje tenke meg at eg vil gløyme den nokon sinne. Faktisk er eg oppriktig trist for at eg aldri vil kunne lese denne boka for første gong igjen. Eg anbefalar den heilhjarta, og synest at alle burde lese den.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2016

Advertisements