Sitat

«Er hun din?» av Nils-Øivind Haagensen

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Er hun din? er ei bok eg har vore nysgjerrig på ei stund. Litt på grunn av omslaget (eg elskar, elskar, elskar grafiske omslag), men ikkje minst på grunn av innhaldet.

Innhaldet er altså dette: Are er ein vaksen mann på førtitre (snart førtifire) som litt motvillig (og til vertens overraskelse) takker ja til å feire bursdagen til ei venninne i feriehuset hennar. Der møter han vertens dotter Eira, som har alle moglege spørsmål og meiningar om kva som helst. Han vert minna på barnet han kunne hatt. For ikkje så altfor lenge sidan var han på god vei til å bli ein gift mann og far, heilt til den mykje yngre kjærasten hans tok abort mot hans vilje (og under press frå foreldra sine).

Haagensen brukar to ganske ulike skrivestilar i løpet av boka. Mesteparten av tida er språket lett, poetisk, stort sett dialoger. Ein kan få inntrykk av at Are har tatt avstand frå seg sjølv, for han vert stort sett kalla «den voksne mannen», ikkje «Are». Men godt over halvvegs i boka merker ein plutseleg at språket er blitt tyngre, mindre direkte, avsnitta lenger og innhaldet meir filosofisk. (Eg trur dette er Are som jobbar på manuset sitt?) Overgangen mellom desse stilane er underlig subtil, og det tok nokre sider før eg oppdaga at lesinga gjekk vesentlig mykje saktare. Men det funker.

Språklig sett synest eg denne romanen føyer seg inn i rekka som ei typisk norsk samtidsroman: typ poetisk, veldig spesifikt tema, kven-treng-vel-kapittelinndeling-no-tildags?, relativt kort og med eit par djupe tankar. Du veit kva eg meiner! (Eller?) Eg meiner det ikkje negativt, det er berre ein observasjon. Boka har jo som sagt eit spesifikt og originalt tema (ein mann utsatt for ufrivillig abort), som får den til å skille seg kraftig ut.

Det som imponerer meg mest med boka er kanskje korleis Haagensen klarer å skildre vennskapet mellom Are og Eira. Det kunne raskt blitt litt skummelt å begi seg utpå å framstille forholdet mellom ei lita jente og ein godt vaksen mann (folk tenker jo gjerne det verste), men her er absolutt ingen Lolita-vibbar. Haagensen balanserer stødig. Eira er veldig truverdig som karakter, det vil nok alle som har møtt ein seksåring vere einig i. (Kvifor ditt, korleis datt, du er for gammal til å gå med kortbukser!)

Eg likte boka godt, og anbefaler den gjerne til gudogkvarmann. (Fleirtallet er nok «kvarmann»-er.)

Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2016

Advertisements