Sitat

«Gutten ingen ville ha» av Trude Trønnes

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Boka var tynnare enn eg hadde forventa. Eg hadde så vidt hørt om boka før og visste at den skulle vere eksepsjonelt sterk, så eg blei overraska når eg såg kor få sider boka besto av. Eg tenkte som så at då blei nok historia ganske overflatisk og enkel, men eg skal gå og vaske munnen min (tankane mine??) med såpe.

Ta inn over deg dette: Mor di er ein «tilbakeståande flyttsame» som trur du er ein bytting (altså ein underjordisk baby hennar eige barn er bytta ut med) og nekter å gi deg melk (du er jo ikkje hennar barn?). Når myndighetene først grip inn, seier dei at du er åndssvak (kanskje til og med «uhelbredelig åndssvak»), døv, kan ikkje snakke på grunn av motorisk afasi og vil heller aldri kunne snakke. Du er aggressiv, slem, «vanskelig». Du vert ein kasteball mellom institusjonar, sjukehus, barneheimar, spesialskular. Om du kan forestille deg dette, har du fått eit glimt av livet til Per Utsi.

Historia om Per Utsi er skriven av journalist og forfatter Trude Trønnes, som undervegs i boka kjem med brev til Per der ho deler tankane sine om historia hans, og vennskapet dei to har utvikla medan boka vart til. Boka består elles av gjengitte samtaler og reiser med Per, samtaler med personar i livet hans, enkle og forståelige intervju med fagpersoner innan psykiatri, barnevern, folk som visste korleis institusjonane fungerte på femti og sekstitalet (hint: ikkje særleg bra).

Dette er ei trist, men samtundes fin historie. Den er sterk, slik Per Utsi er sterk. Det er ubegripelig – på grensa til den bokstavelige meininga av ordet – at nokon kan overleve så mykje. Ikkje berre «overleve» på et psykisk plan, men også det fysiske. Eg trur ikkje ordet mirakel (som vert brukt i boka) er ei særleg stor overdriving. Eg hadde tårer i auga når eg las, og det stikk i hjartet når eg ser ansiktet til Per på omslaget. Boka er djupt gripande. Rørande. Eigentleg strekk ikkje ord til.

Forlag: Z-forlag
Utgivelsesår: 2016