Sitat

«Simon og homo sapiens-agendaen» og «Fordelen med ulykkelig kjærlighet» av Becky Albertalli

Begge bøkene er leseeksemplar frå Norli

Hurra for skeiv litteratur! For skeiv ungdomslitteratur. Eg trur at sjølv om homofili er akseptert i (det norske) samfunnet, kjenner mange på at det mangler i populærkulturen – bøker, filmer, serier. Sesong 3 av Skam viste jo berre kor akutt dette behovet var! Og om du synest historia om Isak og Even var fin, er det berre å kaste seg over Simon og homo sapiens-agendaen!

Simon er 17 år og homofil. Det er ikkje eigentleg hemmeleg, han har berre aldri sagt det til nokon. Men han veit at han er det. Spesielt fordi han er litt forelska i ein annan homofil gut på skulen, «Blue». Anonymt sender dei to gutane e-post til kvarandre, men Simon veit at han vil møte «Blue» på ekte, snart. Og alt kunne vore veldig enkelt, heilt til ein klassekamerat av Simon får tak i ein av e-postane. Simon må enten kome ut av skapet sjølv, eller finne seg i å bli dytta ut.

Dette er ein kjempeskjønn kjærleiksroman, som definitivt kan klare å trylle fram nokre tårer. Sjarmerande til tusen!

Og hallo, for å ikkje snakke om den nyaste boka hennar! Den er endå meir sjarmerande! Eg skulle så inderleg ynskje at eg kunne ha lest denne boka når eg var fjorten, sytten… Eg hadde trengt ei slik bok. Ei bok som viser deg at det er heilt ok å vere den du er, at det ikkje finst fasitar, det er ikkje noko «alle andre». Og ikkje minst ei bok som er sexpositiv! (Utan at du skal vere redd for at boka er fylt med drøye skildringar av sex, for det er den ikkje.)

Boka handler om Molly. Molly sin familie er langt frå A4: ho er tvilling; ho og Cassie er resultatet av ein sæddonor; den same sæddonoren som «donerte» veslebroren Xav; sæddonor var nødvendig fordi Molly, Cassie og Xav har to mødre; ei som er svart og ei som er jødisk. Og ja, så er systera Cassie bifil/lesbisk (litt uklart). Molly og Cassie har alltid vore bestevenner med Olivia og kusina deira, Abby. Men i år er alt litt annleis. Abby har flytta, Cassie forsvinn når ho vert kjærast med Mina og Molly tør for første gang i sitt liv å innrømme at ho kanskje liker ein gut. Men kva visst du ikkje er sikker, eller du kanskje liker to, eller du trur venninna di liker han du liker best og han kanskje liker henne, og du ikkje kan snakke med nokon om det og JA, kva visst alt er kjempevanskeleg?

Det var vilt kor realistisk denne boka var. Kor godt den skildra kor komplisert det kan vere å like fleire personar, like den samme personen som ei venninne, skli frå vennane dine, føle seg utanfor, føle seg kjip og glad, og ikkje minst å føle at ein er annleis. OG SÅ Å KYSSE. Herregud, kan de hugse kor fantastisk kyssa i tenåra var? Når det berre var kyss som ikkje førte (eller skulle føre) til noko meir, berre kyssing for kysset sin del? Åå, det kunne vere så berusande! Albertalli klarer å skape ei så fin og autentisk atmosfære.

Dersom du skal kjøpe ei gåve til ein tenåring i den nærmaste framtid (eller jul?), velg denne boka. Absolutt, utan tvil. Eg har lest ein del fantastiske ungdomsbøker i år, men eg trur faktisk ingen av dei slår denne. Den kjennest så utruleg ekte, og den rørte eit eller anna i meg. Kanskje det kom fem-seks år for seint, men når eg las, var det som om nokon berre gav meg ein stor klem og sa at alt kjem til å ordne seg. Vi treng fleire forfattarar som Albertalli. Eg gler meg stort til ho kjem med noko meir! (For, det ho vel berre??) Bøkene hennar har stort potensiale til å røre mange, og dette vert definitivt ei bok eg kjem til å anbefale til alle som treng julegåvetips i år. (Ei anna bok som òg er verdt å ta ein titt på er Miss av Synnøve Sun Løes. Litt i samme gate.)

Og så til slutt, ein stor klapp på skuldra til omsetjar Stian Omland som har omsett begge bøkene til norsk. Det krever ganske mykje å omsetje ungdomsromanar, for det er så utruleg vanskeleg å få språket til å verke naturleg og ekte. Å få karakterane til å snakke slik eg faktisk ville uttrykt meg sjølv. (Det blir jo så raskt utdatert!) Godt jobba, to tomlar i vêret.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: Simon og homo sapiens-agendaen (2016), Fordelen med å være ulykkelig forelsket (2017)

Advertisements