Begge bøkene er leseeksemplar frå Norli
Eg er ein sucker for romanar av typen Stoner (av John Williams) og Hjertet er en ensom jeger (av Carson McCullers), så eg tenkte eg skulle gi denne ein sjanse! Eigentleg er den berre altfor kort, og eg har drygd den så lenge som mogleg. Gi meg meir! (Og heldigvis for meg har eg jo allereie Tobakkshandleren klar og good to go!)
Sjølve handlinga i boka er lagt til Alpane og roterer rundt Andreas Egger. Han har levd eit ganske roleg, langt og kort liv. Etter ein kjip oppvekst, finn han lukka med Marie. Lukka viser seg å bli kortvarig, og når andre verdskrig bryt ut vert han sendt til Russland og kjem ikkje heim før på femtitalet. Derifrå luskar livet vidare med kvardag på kvardag, år på år og til slutt… vel, til slutt tek livet slutt.
Dette er ei fin lita bok om det store og det heile, og alle dei små augneblikka som utgjer dette «heile». Den er absolutt fin og lågmælt, men faktisk burde ikkje dette vere ein kort, liten (stor) roman. Det burde vere ein murstein! For sjå då: i Andreas Eggers liv er dei små augneblikka stort sett alltid noko som set han i eit godt lys. Og er det ikkje rart at det ikkje eksisterer andre hendingar enn livet hans, rett og slett fordi Seethaler berre dikta opp alt saman og seier at det er slik? Det er nesten så ein ikkje kan godta det! Kva med så resten av livet hans? Eg er ikkje klar for dette. Så sign me up for ein heil murstein om Andreas Egger – for eit sympatisk menneske!
Okei, okei, okei. Viss du trudde at Et helt liv var bra, berre vent til du får tak i Tobakkshandleren! Faktisk burde du lese denne boka sjølv om du ikkje las den førre boka til Seethaler, for du bør verkeleg ofre dei tre timane boka tek å lese ut.
Vi er på slutten av tredvetalet i Østerrike, og andre verdskrig nærmar seg sakte (men sikkert, det veit vi jo no!). Franz veks opp i ein liten fjellby, og han og mora er forsørga av mora sin rike elskar. Når denne elskaren døyr, sender mora syttenårige Franz til Wien for å jobbe i ein bekjent sin tobakkshandel. Denne tobakkshandlaren heiter Otto, og vert viktig for Franz. Det vert òg Sigmund Freud, «idiotprofessoren» som er stamkunde hos Otto. Det er Freud Franz går til når han forelsker seg i bøhmerjenta Anezka, som ikkje elsker han tilbake.
Det er som sagt seint på tredvetallet, og nazismen brer seg i Wien som ein pest. Folk er usikre, redde, sinte og ikkje minst splitta. Når det bokstavelig talt banker på døra, må både Otto, Freud (som er jøde), Franz og Anezka ta sine val om livet deira vidare: kjempe, gi opp eller flykte?
Det er ei fantastisk flott forteljing om kjærleik, nye opplevingar, styrke og tryggleik, og ikkje minst om det menneskelege. Her er mykje kjensler, men lite sentimentalitet. Språket er meir leikent enn i Et helt liv, men like nært og vond-fint. Denne blir nok ståande igjen som ein personlig favoritt hos meg, så unn deg sjølv denne heilt unike leseopplevinga.
Forlag: Press
Utgivelsesår: Et helt liv (2016), Tobakkshandleren (2017)
One thought on “«Et helt liv» og «Tobakkshandleren» av Robert Seethaler”
Kommentarfeltet er stengt.