Sitat

«Baby doll» av Hollie Overton

Boka er sponsa av Gursli Berg forlag

Eg kan vel starte med å seie at du ikkje bør vente deg ein krimroman når du startar på Baby doll. Det er heller ikkje ein klassisk thriller, meir eit råspennande drama. (Gir det meining?) Det er ikkje noko stort spørsmål om kven forbrytaren er, det er ganske openbert frå starten av, så det er meir den psykologiske spenninga mellom familiemedlemma og andre involverte som skapar handling og engasjement.

Då Lily Riser var seksten år, vart ho kidnappa frå skulegården. Åtte år seinare er ho enno i fangenskapet, og lite har endra seg bortsett frå at ho har fødd ei jente, Sky. Ein dag gløymer kidnapparen å låse døra til hytta han held ho fanga i, og Lily klarer å rømme med dottera. Ho dukker opp som eit mirakel på dørstokken heime hos mora, berre for å finne ut at omtrent alt er forandra. Alle trudde Lily var død, unntatt tvillingsøstra Abby, hvis liv òg er ganske fucka opp. Når politiet kjem, insisterer Lily på å peike ut kidnapparen sin, for om dei ikkje ser reaksjonen hans når han ser henne, korleis vil dei nokon sinne tru henne? Kven ville trudd noko slikt om han?

Som sagt er det meste av spenninga plassert mellom familiemedlemma, spesielt Abby og Lily. Her er mange dramatiske moment, og overraskingar. (Sjølv når ein kanskje eigentleg ikkje burde bli så overraska?) Karakterane, spesielt Lily og kidnapparen, kan verke litt urealistiske i måten dei oppfører seg på rundt kvarandre. Men igjen, kva veit vel eg om den indre psyka til ein sadistisk jævel eller styrken til ei ung mor i fangenskap? Eg meiner, Natasha Kampusch klarte seg jo?

Dramaet og  plottet gjer meir enn opp for det litt flåsete, amerikanske språket som dukker opp innimellom. Det blir litt vel mykje «ekte kjærleik» her om alle typar relasjonar, og for Lily «går ting opp» og «slår henne» litt for ofte. Kanskje show hadde funka betre enn tell her? Til tross for det ujevne språket, er Baby Doll ein engasjerande, rørande og god roman, spekka med spenning.

Forlag: Gursli Berg
Utgivelsesår: 2017