Boka er sponsa av Flamme forlag
Eg hadde mitt første møte med Victoria Durnak i vår, då eg las Senteret. Og den var enkelt og greit fantastisk. Den er betre enn denne her, men det viser vel berre at Durnak har blitt ein betre forfattar på to år. Likevel kan ein kjenne igjen skrivestilen, den mørke humoren og den genuine menneskelegheita ho skriv fram.
Elin er ein gartner, og ikkje mykje anna. Boka starter med at ho i eit anfall av raseri gir vekk plakaten ho og kjærasten deler til ein loppemarknad. Ho angrer ganske kjapt, og prøver å kjøpe den tilbake. Det er ikkje lett. Elin trur ho har løyst problemet når ho då slår opp med kjærasten (Isak). Men det einaste Isak vil ha med seg er skoa sine og plakaten når han skal flytte. (Uflaks.) Så Elin prøver desperat å få tak i plakaten ein mann kjøpte rett foran nasa hennar, og oppdager i samme slengen at fyren har eit fotoalbum med barnebilder av hennar bestevenninne, Siri. Kaotisk, ikkje sant? Og fordi ho er arbeidsledig og no einsam, starter ho ei underlig greie med å levere (gratis) tinga folk sel på Finn.no til folka som kjøper dei.
Denne businessen er jo ganske merkeleg, for kven ville stolt på ein tilfeldig framand som tek med seg ei vare du skal selje? Det lukter jo løgn og fanteri lang veg. Korleis fungerer dette i praksis?? Og i tillegg til denne merkelege, nye vana, har Elin ein tendens til å dikte opp namn og historier på omtrent alle rundt seg, og av og til går det litt vel langt.
(Ellers må du hugse å lese overskriftene til kvart kapittel, for her er mange minner frå forholdet, og det er lett å glippe på kva som skjer no og kva som har skjedd før.)
Det er morosamt, menneskeleg og brutalt, med ein overraskande brå og dramatisk slutt, som ironisk nok er det som er skildra mest nøytralt i heile boka. Perfekt for alle som har lest og likt bøkene til Lotta Elstad.
Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2015
Fleire bøker av Victoria Durnak finn du HER.