Boka er sponsa av Bazar forlag
Bazar forlag er ufatteleg flinke på underholdningsromanar (og det er berre å innrømme det: vi treng slike bøker innimellom!). Denne boka vert kalla «kjærlighetskrim», og frontast som noko nytt. Det er kanskje litt misvisande og henvender seg meir til damer? Og det vil eg ikkje høyre eitt ord om, at denne boka «passer best for kvinner». For her er like mykje handling frå eit manssperspektiv. Og så er boka full av sånt mannfolk liker; vold, horer, penger og alkohol. (Slapp av, det var ein spøk.)
Du veit mest sannsynlig kven Anna Ekberg er allereie, utan at du er klar over det. Det er eit pseudonym for Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich, betre kjende som krimduoen bak bøkene av A.J. Kazinski. Og dette er faktisk ein like god krim, fantastisk spennande!
Louise Andersen driv ein kafé på Bornholm og bur der saman med kjærasten sin, forfattaren Joachim, og har gjort det dei siste tre åra. Så dukker det ein dag ein mann opp på døra, og leiter etter Helene. Dei trur først han er gal og ringer politiet, men det viser seg raskt å vere meir komplisert enn som så. For Louise er eigentleg ei rik kvinne som heiter Helene og driv eit shippingfirma. Problemet er at Helene ikkje kan hugse dette, eller mannen sin Edmund, eller barna sine, eller eigentleg noko som helst. Når Helene prøver å finne ut om fortida si, dumper ho òg over ei ganske stygg historie om faren, shippingfirmaet og seg sjølv. I mellomtida prøver Joachim å finne ut kven Louise Andersen eigentleg var, sidan hans kjærast viste seg å vere ei «Helene». Også han hamner midt opp i ei ganske stygg sak, som brått fører til at Helene vert arrestert.
Oversettelsen er ein av dei betre eg har lese av dansk til norsk. (Vanlegvis synest eg dei som oversetter dansk gjer skikkeleg latmannsarbeid og berre skifter ut skrivemåte.) Boka var meir krim enn kjærleik, og sjokkerande god (i alle fall i forhold til forventingane mine).
Dette er ei slik bok som er drivandes spennande medan du les ho, men den lager jo ikkje eit varig inntrykk. Til det vert det litt for «røverhistorie» for meg. Den er knallgod, overraskande, har realistiske karakterar og eit originalt og kreativt plott. Sjølv om Anna Ekberg er fiktiv, trur eg at eg vil seie at ho er Danmarks svar på Simona Ahrnstedt. Og ja, den kan absolutt anbefalast om du ser etter ei bok som sug deg inn i handlinga og held deg der til siste side.
Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017
Fleire bøker av Anna Ekberg finn du HER.