Leseeksemplar frå Norli
Eg har ikkje noko forhold til forfatterskapet til Haugland, så dette er faktisk det første møtet mitt med han og det. Eg har ein kollega som anbefalte boka høgt og som har ganske god smak i bøker (hei, Linn Heidi!), og ein sjef (hei, Sylvia!) som kalte boka for ein norsk Stoner. Og eg absolutt elsker Stoner (eg trur eg nemner det i annakvart blogginnlegg), så eg måtte jo berre gi boka ein sjans.
Det er litt rart å lese ein sjølvbiografisk roman om oppveksten og ungdomstida til ein person du eigentleg ikkje veit noko særleg om, men eg føler aldri at eg har gått glipp av noko eller ikkje forstår ein referanse. Det er berre ei skildring av eit ganske nøkternt liv – med litt opp- og nedturar – akkurat slik som Stoner. Kanskje med eit litt varmare språk?
Innhaldet er rett og slett skildringar og ulike historier frå Tormod sin oppvekst (eller hans oppfatning av denne oppveksten) på Haugland. Her er historier frå fylla, frå gardsarbeidet, frå familie- og kjærleikslivet. Og ikkje minst historier om korleis han oppdaga kunst, litteratur og Bergen, og etter kvart ga frå seg odelen til familiegarden. Her er refleksjonar rundt det meste, men kanskje spesielt rundt kva som gjer deg til den du der og kva ansvar ein har til seg sjølv og andre.
Boka er rett og slett nydeleg. Og på eit så fantastisk fint (men òg leseleg for bokmålsfolket) nynorsk! Det er så skore inn til beinet, at alt du les opplevast som essensielt. Likevel er det eit så stemningsfullt og naturleg språk. Ganske imponerande å klare begge deler, faktisk. OG! Her er eit absolutt fantastisk fint kapittel om det å oppdage litteraturen for fyrste gong.
Anten du er glad i god litteratur, er oppvaksen på landsbygda, bryr deg om kunst, er fan av Tormod Haugland som person eller rett og slett vil ha ei god bok om det å vere menneske – og ikkje minst bli det mennesket ein er – så er dette absolutt eit godt alternativ. (Og shoutout til det flotte omslaget!!)
Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2017