Boka er sponsa av Font forlag
Alle har vel fått med seg denne boka og kjempekritikkane den har fått? Det er den norske omsetjinga av The Fishermen, skriven av nigerianske Chigozie Obioma, og ei veldig god omsetjing, for den saks skuld. Eg trur denne boka kom ganske overraskande på dei aller fleste, for den er verkeleg ei skjult perle. (Eller, ikkje så skjult no lenger, då.)
På nittitalet i Nigeria opplever tiårige Benjamin og dei tre eldre brødrene hans, Ikenna, Boja og Obembe, ein ny slags fridom: faren må flytte vekk på grunn av jobb, og mora er for opptatt med dei to yngste barna til å passe på. Dei dreg for å fiske i ei «forbudt elv», og møter på den lokale galningen, som spår at Ikenna skal bli drept av ein av brødrene sine. Ikenna får panikk, og trekk seg unna familien. Familien går heilt i oppløysing, og tragedie etter tragedie inntreff.
Dette er ei rørande, lågmælt og til tider brutal familieforteljing. Ære og skam speler ei stor rolle i denne kulturen, og det er nesten vanskeleg å setje seg inn i kor stor den rolla er. Og ikkje minst overtrua! Språket Obioma bruker til å skildre denne nære forteljinga, er avslappa og lettlest, og ikkje minst truverdig. Kjenslene kjem tydeleg fram, utan å vere dramatisk og overemosjonelt (noko som er imponerande med tanke på handlinga i boka). Det er ei verkeleg flott og overraskande bok, som passer for absolutt alle. Gavetips til absolutt kven som helst!
Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017
One thought on “«Den forbudte elven» av Chigozie Obioma”
Kommentarfeltet er stengt.