Sitat

«The One Memory of Flora Banks» av Emily Barr

Denne unike ungdomsromanen er ei slik bok som berre blir betre og betre dess lenger ut i boka du kjem. Den starta ganske dramatisk, blei så veldig treig ei stund, men siste halvdel var verkeleg ekstrem. Det var twist på twist på slutten, og uhyre spennande.

Flora Banks har hukommelsestap. Eit ganske spesielt tilfelle av det, for ho hugser alt som skjedde før ho var elleve år gamal og opererte ut ein svulst. Ingenting ho har opplevd etter det fester seg i hukommelsen, men Flora gjer så godt ho kan for å leve eit normalt liv. Ho er no sytten år gamal, og på fest saman med bestevenninna, Paige. Men på slutten av festen kysser ho kjærasten til Paige, Drake. Dette hadde jo berre forsvunne ut i intet, dersom det ikkje var slik at Flora hugser det når ho vakner. Ho hugser faktisk kysset, heilt på ekte. Flora er overbevist om at det er ekte kjærleik, og når Drake tek kontakt frå Svalbard, grip ho sjansen sin til å vere med guten ho elsker, og reiser. (Og de kan jo tenke dykk korleis det her utspelar seg når ho gløymer alt som har skjedd rundt kvar tredje time!)

Grunnen til at det er treigt i starten, er fordi ho ramser opp heile livet sitt kvar gong ho gløymer kvar ho er. Det er på grensa til frustrerande, men eg forstår jo kvifor det må vere slik. Men veldig lite viser seg å vere slik det kan sjå ut ved første augneblink i Floras liv, og stein etter stein blir snudd. Dette er verkeleg eit psykologisk drama av førsteklasses kvalitet, og Barr viser gong på gong i slutten av boka at ho har evna til å overraske. LES!

Fleire bøker av Emily Barr finn du HER.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2017