Sitat

«Bobla» av Siri Pettersen

Leseeksemplar

Eg må innrømme at eg er litt skeptisk. Eg er langt i frå overvelda og entusiastisk, og forstår ikkje heilt kvifor denne var nominert til Bokhandlerprisen 2017. (Eg trur kanskje det seier meir om kor mange bokhandlarar som ikkje les breitt «nok»?) Det er ei ok skriven bok, men langt i frå det beste som er utgitt innan barne- og ungdomslitteratur i fjor.

Kine hater verden: foreldra som er teite, skulen, vennane og generelt alt. Ho er generelt potte sur heile tida, og veit tydelegvis ikkje kor ho passer inn. I alle fall ikkje her i Møllby (ja, byen heiter faktisk Møllby). Ting endrar seg når ho finn ei lita kule som veks til ei boble, som kun Kine kan gå inn i. Der er ho trygg, åleine, lukkeleg og slepp å forholde seg til den teite heimbyen sin. Ho kan faktisk ønske seg kva som helst inne i bobla, og det dukker opp! Men det er jo så klart ikkje så enkelt. Inne i bobla er ei dukke som vert eklare og eklare, og etter ei stund vert bobla vanskeleg å gå inn og ut av. Kine må ta eit val – bli i bobla for alltid, eller gi den opp for godt?

Eg har sett mange skrive at dei er frustrert over ansvaret Kine har i boka, at barnet har så mykje press for å «reparere verden» åleine. Det var ikkje det som plaga meg mest (for eg forstår at ein del av poenget her er å gjere unge miljøbevisste) men den manglande logikken i boka. Historia heng ikkje på greip, det vert aldri skikkeleg oppklara kvifor dukka vil det ho vil, korleis og kvifor ho dukker opp, kvifor Kine gjer noko som helst. Og så var det på grensa til fordummande inn i mellom, nesten rett ut skrive «tenk på alt vi kjøper som vi berre kaster, det er ikkje bra!». Kanskje gjer Pettersen kanskje Kine meir banal og enkel enn ei jente på den alderen er?

I mi meining er boka velmeint, men feilplassert og mislukka som eit innlegg i miljødebatten. Eg liker tanken bak, men eg trur veldig lite kjem til å kome ut av det.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Advertisements