Leseeksemplar
Litt treigt ute; Susan Hill er visst ganske berømt. Og så er dette leseeksemplaret frå i fjor vinter, tydeligvis. Men – kven bryr seg om når bøker kjem/kom ut, så lenge dei er gode?? Og denne var verkeleg god. Eit subtilt, roleg og forståeleg språk, som skaper stemninger som få bøker eg har vore borti. Boka er ganske kort, men akkurat som Stoner av John Williams klarer den å skildre – om ikkje heile, så store deler av – eit liv.
Vi er på starten av 1900-talet, og Olive er ei ung kvinne fanga i ei tid som båe gir henne fridom, og tek den frå henne. Ho har val, moglegheit til utdanning og arbeid, men samstundes er det store forventningar knytt til kva ho skal velje. Kva som er akseptabelt, kva som ikkje er skamfullt og kvifor dette speler noko rolle, er spørsmål som alltid ligg i Olives bakhovud. Så når ho blir gravid utanfor ekteskapet, er ho fortvilt over tapet av den vekkadopterte sonen. Og når ho forelsker seg i ein eldre kollega, forstår ho ikkje kvifor ho ikkje kan elske den ho elsker.
Ho kan verke ganske uutdanna og enkel etter dagens standard, men ho er eit produkt av tiåret (og århundret) ho lev i. Ei synes litt synd på henne i starten, men ho er så absolutt eit kvinnfolk med tak i. Ho er faktisk villig til å ofre alt for si eiga lukke. Og kvifor ikkje, når det ikkje går utover nokon?
Boka stiller store og små spørsmål om samfunnet, både no til dags og historisk, og den set enkelte ting i søkelyset. Det er eit fint portrett av ei ung kvinne i to veldig ulike, men sikkert like vanlege, situasjoner frå det førre århundret som vi ikkje opplever i dag i det heile tatt.
Denne boka var så rørande, så verkeleg djupt rørande. Sjølv om Olive kanskje ikkje sa så mykje, så opplevde ho mykje. Dei svake reaksjonane hennar, dei få tankane ho gjer seg rundt situasjonane ho hamner i, det er så relaterbart. Ho har heilt openbert ein svak form for sosial angst, men likevel er ho så utruleg sterk. Sjølv om ho aldri veit kva som er korrekt eller forventa av henne, så gjer ho så langt ho kan det som føles rett for henne sjølv, og gjett kva? Det meste ordner seg, altså. Overraskande nok var denne boka ganske inspirerande. Ei verkeleg fin, lita perle. (Sjølv om eg seriøst misliker det uttrykket, for det er jo oppbrukt til tusen.)
Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2018