Leseeksemplar
Dette er ei rar, lita greie, dette. For ein utruleg merkeleg, oppslukande, original og velskriven roman. Det er ikkje ei spesielt tjukk bok, men du og du kor full av innhald den er!
Hovudpersonen er ein namnlaus baby, eller rettere sagt foster. Han eller ho veks og lærer, og er uhyre intelligent. (Det er det som gjer boka så utruleg spesiell.) Den ufødde høyrer på podkast, radio, tv, lydbøker, musikk, og sist, men ikkje minst, samtaler. Og det er nettopp samtala fosteret overhøyrer som er utgangspunktet for historia. For babyens mor, Trudy, har gått i frå babyens far, John, og har ei affære med bror hans, Claude. (Drama!) Men Trudy og Claude er lei av John på alle moglege vis, og bestemmer seg for å ta livet av han. Og det er berre fosteret som er klar over planane.
Eg trur ikkje det er mogleg å seie at dette perspektivet er truverdig på noko som helst slags vis (for kom igjen?!), men det fungerer knallgodt som fortellergrep. Fosteret har stålkontroll på politikk, historie og samfunnskunnskap, men ønsker å vite korleis «blå» eigentleg ser ut. Det gir ein heilt særeigen tvist til historia, og fungerer som talerør for alle slags samfunnskritiske kommentarer. Eller like mykje for å vri vår sympati for eller imot Trudy, Claude og John.
Boka er velskriven, og eg trur dei fleste vil like den. Litt sær, ja. Men kom over det, og nyt historia! Den er absolutt lesverdig, og lett for meg å anbefale vidare!
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017