Leseeksemplar
Eg har lenge hatt lyst til å lese The Seven Husbands of Evelyn Hugo, og i fjor fekk eg med meg dette forhåndseksemplaret av same forfatter frå jobb. Så vart den marsboka til Reese Witherspoons leseklubb, så då starta eg like så godt med denne. Og gjett om eg skal lese absolutt alle romanane til Taylor Jenkins Reed etter dette!
Daisy Jones & The Six. Kanskje det mest ikoniske bandet frå syttitalet. I intervjuform vert historia fortalt, frå starten på it-jenta Daisy og rockebandet The Six, og korleis dei blei så store som dei vart. Og ikkje minst korleis og kvifor bandet brått vart oppløyst 12. juli 1979. Aldri før har bandmedlemmene og deira nærmaste fortalt kva som hendte, men no vert altså heile historia fortalt for aller første gong.
Dette er altså eit fiktivt band, sjølv om eg må innrømme at eg måtte google litt for å finne det ut. Og sjølv om det er rock & roll frå syttitalet, er ikkje heile boka full av sex, dop og musikk. Det er absolutt ein del av det, men den verkelege historia ligg i forholdet mellom menneska i bandet, og forholdene dei hadde til menneska rundt dei. Korleis suksess, sjalusi, forelsking og skuffelse kan øydelegge alt, uansett kven ein er. Vonde hendingar og varme kjensler er stikkordene her. Kvinnene i boka er hardbarka feministar, og sterke karakterar på kvar sine måtar. I tillegg er det ein veldig fin tvist på slutten av romanen, som eg absolutt ikkje skal seie noko meir om.
Og skildringane av musikken! Du kan verkeleg høyre musikken når du les, og eit pluss er det at Jenkins Reid har tatt seg bryet med å skrive ut nokre av songtekstane og lagt dei ved til slutt.
Boka er fantastisk! Godt komponert, original og underhaldning frå ende til annan. Eg slukte kvar einaste linje, og sjølv om eg elsker å lese, er det sjeldan eg koser meg så heilhjarta med ei bok. Om det er ein einaste svakhet i romanen, er det at dei stemmene til dei forskjellige litterære karakterane kanskje er litt vel like, noko som gir ei kjensle av at dette er ein roman og ikkje røynd. Likevel er dette ein lesefest av dei absolutt sjeldne. Løp og kjøp!
Forlag: Hutchinson
Utgivelsesår: 2019