Sitat

«Brådypt» av Elin Viktoria Unstad

Leseeksemplar

Det er begynt å poppe opp litt forskjellig krim for ungdom dei siste par åra, og no er tida kome for dei psykologiske thrillerane. Mange ungdomskrimmer passer like godt for vaksne, men eg tenker denne er eit unntak. Den er absolutt spennande og velskrive, men plottet har eit par for mange hull til at det er ein perfekt thriller for vaksne. Eg anbefaler denne for alderen 12-16.

Vilja har alltid elska å svømme, men sidan ho drukna for nokre månader sidan har ho ikkje orka tanken på vatn. Så ei natt vert ho kidnappa og frakta til ei øy, og levert tilbake rett etterpå. Vilja er livredd og ringer politiet, men problemet er at ingen trur på henne. Kven kidnapper nokon og så berre lar dei gå?

Eg likte boka veldig godt, og las den ut i løpet av ein halv dag. Unstad har eit språk som kjennest realistisk ut, og situasjonane ho skriv fram verkar ekte og filmatiske. Tempoet er høgt, og spenninga er til stades heile vegen. Eg har berre litt problem med delar av plottet, men det er jo vanskeleg å forklare nøyaktig kva eg ikkje synest går opp, utan å avsløre dei store tvistane. Målgruppa 12-16 har kanskje sakna denne typen litteratur, og no har dei fått ei god bok det berre er å kaste seg over!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019