Sitat

«Storebjørn» av Odd Harald Hauge

Leseeksemplar

Svalbard: på ein måte norsk, men på ein måte ikkje. Russland har alltid vore interessert i området, men Noreg sikra seg øyene då Russland var midt oppe i revolusjonane sine. Dette isødet har alltid vore interessant politisk, historisk og militært, og konspirasjonsteoriar (som plottet i denne boka jo på sett og vis er) er nesten alltid god lesning. Ei anna bok med liknande tema (som eg òg likte godt) er Om hundre år er allting gjemt av Per Arne Totland.

Martin Moltzau har pensjonert seg frå livet som eventyrer (vi møter han òg i boka Everest), og jobber no som guide på Svalbard, der han lar styrtrike amerikanarar få oppleve eit glimt av livet i den iskalde villmarka. Denne turens turistar er ein amerikansk familie: mor, far og vaksen datter, som skal bruke turen på å styrke banda seg i mellom. Familien vil veldig gjerne sjå den forlatte russiske gruvebyen, Pyramiden, men dei er ikkje dei einaste med kurs dit. Og når første kapittel blir avslutta med spørsmålet «Hva kan vel gå galt?», så veit ein jo at det aller meste definitivt vil gå galt.

Utan å avsløre så altfor mykje, så vil eg seie at det ikkje er mange av desse menneska som er spesielt flinke i jobben sin. Så nedlatande og arrogant Moltzau er, trur eg ikkje at han burde vere i eit serviceyrke, spesielt ikkje eit med så mykje nærkontakt over lengre tid. Og kven gløymer at dei har ein ekstra pistol når dei vert skutt på og er tomme for ammunisjon? Ingen av karakterane her er spesielt sympatiske (sjølv om dei er velskildra og levande), så det er ikkje heilt lett å heie på nokon av dei. Eg les gjerne bøker med lite likandes hovudpersoner, men eg trur ikkje det er hundre prosent tilsikta her.

Av og til kan det bli litt vel mykje «is og snø, snø og is, is og snø», men elles er språket ganske så godt! (Og det er vel ikkje så mykje anna å skildre i det arktiske landskapet.) Boka er lettlest og spennande, og handlinga skyt fart frå første side. Det er ikkje ofte eg les thrillarar uten ein psykologisk tvist; dette er ei bok med action berre for actionen si skuld. Og sjølv om det er ganske «beint fram»-underhaldning, er det ikkje ei historie ein gløymer med det første. Romanen er full av historie og interessante perspektiv. Veit du for eksempel kvifor Longyearbyen heiter akkurat det? (Eg gjer!)

Eg har alltid hatt lyst til å reise til Svalbard, sjølv om ei relativt detaljert skildring av korleis ein kan bli drept av ein isbjørn kanskje har minska lysta bittelitt. Uansett er boka absolutt å anbefale, uansett om du har lese den første boka om Martin Moltzau eller ikkje! (Eg hadde det ikkje, og følte ikkje at eg gikk glipp av noko vesentleg.)

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2019