Sitat

«Den forrige jenta» av J.P. Delaney

Leseeksemplar

Eg tar ofte notater medan eg skriv, og i starten var det ikkje mykje begeistring for boka. Eg vart forvirra fordi handlingane gikk såpass parallelt og blanda saman jentene dei første femti sidene og måtte konstant kikke på namnet i kapitlet. Det tok litt tid, men då eg kom til side 100 byrja det verkeleg å bli interessant. Og etter 200 sider fekk eg endeleg kjensla av å måtte lese vidare for å finne ut kva som hendte og kva som hadde hendt.

Jane har opplevd ei stor sorg, og treng ei endring i livet sitt. Ho flytter inn i Folgate Street 1, eit minimalistisk og teknologisk avanansert hus – til ein draumepris. Men leigeavtala kjem med ei lang rekke merkelege reglar; ingen bøker, ingen husdyr, ingen planter, ingen klesplagg på golvet, ingen nips. I tillegg til at ein blir digitalt overvåka så dusjen hugser kva temperatur du liker, skifter belysning etter stemning og mange små finurlige ting. For Jane er dette himmelen, heilt til ho oppdager at Emma, den forrige leigetakaren, døydde i huset. Hovudet knust mot steintrappa. Ubehaget veks, og Jane prøver desperat å finne ut kva som hendte, før ho ender opp på same måte.

Den siste halvdelen gjekk altså ned i eit jafs. Eg har ofte sett boka samanlikna med blant andre Piken på toget, men eg er ikkje heilt einig. Det er ingen enorme tvistar, men heller mange middels store vendingar som konstant endrar handlinga og historia litt. Grepet fungerer veldig godt, og om forfattaren hadde droppa eitt av hinta, hadde eg aldri forstått kva som verkeleg hadde hendt før det blei avslørt. (Sjølv om det ikkje var mange sidene igjen på det tidspunktet.)

Det einaste eg eigentleg har å klage på (når alt eg synest var ulogisk og rart har fått ei forklaring), er kanskje skildringene av kvinnene. Eg synest kvinnene her blir ganske så flate, og etter litt googling oppdaga eg at J.P. Delaney er ein mann (Tony Strong). Ofte, som her, blir kvinner skildra av menn litt lite truverdige og lite komplekse. Skildringer som «en dyr nyanse av blond» og kvinners førsteinntrykk av ein mann er at «han kunne jeg ligget med», det blir litt konstruert. (Sjølv om det siste eksempelet kom tilbake for å bite meg i ræva.) Det er ikkje eigentleg personer det er lett å like, og det gjorde meg hakket mindre engasjert i handlinga, spesielt i starten.

Boka fungerer ikkje akkurat noko litterær, feministisk litteratur, men det er knallgod underhaldning. (Og så blir eg sittande å tenke: ville det fungert om det var to unge menn som hadde budd i huset? Nei. Og berre den kjensgjerninga om samfunnet er jo noko å ta med seg vidare.)

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017