Sitat

«Alt er mitt» av Ruth Lillegraven

Leseeksemplar

Ho har skrive mykje før, hovudsakleg lyrikk og barnelitteratur, men dette er faktisk mitt første møte med Lillegravens litteratur. Og sjeldan har eit etternamn passa betre til innhaldet i boka.

Clara og Haavard har eit ganske ulukkeleg ekteskap. Ho er ei beintøff vestlandsjente som har arbeidd seg oppover i Justisdepartementet, han ein vestkantgut som har blitt barnelege. Saman har dei eitt sett tvillinggutar, men det er vel det einaste dei verkeleg har saman. Det einaste andre dei deler er hatet deira for barnemishandlarar; Clara jobber med eit lovforslag for varsling, medan Haavard må sjå og prøve å hjelpe desse borna kvar einaste dag på Ullevål sjukehus. Eitt av desse borna døyr. Så døyr faren til guten. Og drapa fortsetter.

Boka tek opp enormt store tema, og er sånn sett veldig ambisiøs av seg. Vi toucher innom rasisme, integrering, politikk, barnemishandling, barndomstraumer, barnevern og byråkrati. (Pust!) Kva er rett, og kva er gale? Kan målet hellige middelet? Måten det er vikla saman på og vert rulla opp er intet mindre enn imponerande.

Lillegraven behersker utan tvil det norske språk, og provar det ved å skrive Clara og Leif sine delar på nynorsk, dei andre på bokmål – korrekt etter kva dialekt dei har. Det er ikkje eit vanleg grep innan litteraturen, men eg synes det er kult, og det fungerer. Litt usikker på kva «bokmålsfolket» synest? Nokre er visst allergiske mot nynorsk. Uansett er så elegant og fengande språk ofte mangelvare innanfor sjangeren, så det er absolutt eit pluss.

Alt i alt er dette ein thriller eg verkeleg kan (og definitivt skal) anbefale som påskekrim! Og krim til alle andre høgtider og årstider. Boka kom i pocket i år, så eg tenker at alle som er glad i thrillerar og kriminalromanar, bør spandere denne på seg.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2018