Sitat

«Bristepunktet» av Belinda Bauer

Leseeksemplar

Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese i år. Den er berre så enormt fascinerande, djuptpløyande og gripande. I tillegg er det den einaste krimromanen som nokon sinne er nominert til The Man Booker Prize, og den burde ha vunne. Det her er fantastisk god lesning. (Takk meg seinare.)

Jack er fjorten år gammal, og profesjonell innbrotstjuv. Ikkje at han liker det så godt, men han er flink, og han kan stele med seg sunn mat heim til veslesystrene sine. Det bur ingen vaksne hos dei etter at faren forsvann. Han skulle kjøpe melk, og kom aldri heim. Få månader før vart mora drept ved ein nødtelefon ved motorvegen, nokre hundre meter frå ungane som satt igjen i den glovarme bilen. Jack og syskna er fortsatt åleine tre år etterpå, og han kjemper for å halde fasaden for naboer og nysgjerrige. Men i eit innbrot finn han kniven han berre veit var mordvåpenet som drepte mora hans. Problemet er: korleis kan han gå til politiet med denne infoen uten å risikere å bli fengsla og få barnevernet på døra?

Opninga av boka (tre unger åleine langs ein motoverg) er inspirert av ekte hendingar, og det gir eit snev av truverd til så ekstreme hendingar. Jack og systrene forsvinn jo djupt i systemet, men det er ikkje heilt usannsynleg heller. Om det ville skjedd er jo ein eigen diskusjon, men i boka fungerer det. Eigentleg fungerer alt i boka, for språket til Bauer (og den knallgode omsetjinga til Guro Dimmen) fortener skryt. Gode setningar, karikeringa av ein avdanka drapsetterforskar, kjenslene til barn; det er ikkje noko anna enn talentfullt. Rett og slett meisterleg, fullt av levande bilete.

Eg var fenga frå første side. Det er sjeldan eg kjenner så sterkt på at eg ikkje berre vil lese vidare, eg faktisk. Kjensla av at ingenting eksisterer unntatt universet du blir sugd inn i, absolutt ingenting er betre. Det her er ein pageturner av den bokstavelege sorten. Om du ikkje forventer ein klassisk krim, kan eg nesten ikkje få sagt kor høgt eg anbefaler denne boka til deg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019