Sitat

«64» av Hideo Yokoyama

Leseeksemplar

Thriller frå Japan – har du vore borte i det før? Eg vil tru dei fleste svarer nei. Men her er altså ein kjempetjukk kriminalroman frå øya. Og eg kan seie det med ein gong: den er veldig, veldig god. Eg vil seie det er meir ein roman om ein politimann og eit utsnitt av hans liv (som inkluderer personlege problem og ein cold case), enn ein klassisk thriller eller krim. Ikkje at det gjer boka mindre verd å lese, men det er greit å ha notert seg bak øyret.

Mikami er nyleg blitt pressedirektør, etter å ha jobba i årevis som etterforsker. Etter å ha formidla ei avgjerd om anonymisering som journalistane fann uakseptabelt, blir det fullt kaos på den vesle politistasjonen. Mikami er eit pliktoppfyllande menneske, og begynner å leite etter grunnen for anonymiseringa. Der graver han med eit uhell fram informasjon om ei fjorten år gamal kidnappingssak. Han blir gripen av saka han så vidt var borte i, for hans eigen datter er for tida forsvunnen – og ingen veit om ho har stukke av eller er kidnappa.

Språket er flytande og godt, og omsetjinga til Tara Ishizuka Hassel er ikkje noko anna enn imponerande. Eg trur korrekturleseren var litt sliten på slutten av denne mursteinen, for der dukkar det opp litt språkleg rusk (det heiter uventet, ikkje uforventet), han/ham-feil og eit par mellomrom er borte. Det er ikkje mykje, men det skjemmer litt, spesielt når resten av språket er så ypperleg. Det er for øvrig mange japanske namn å holde styr på, men det går stort sett greitt. Og om du blir usikker, er det eit personkart bakerst i boka.

Som thriller er boka ganske annleis, for her er veldig mykje handling og skildringar rundt sjølve plottet. Plottet er for øvrig ekstremt godt, akkurat passe fortetta med akkurat passe mengde lause tråder. På baksida står det at ingen leser kan spå tvisten, og det må eg seie meg eitt hundre prosent einig i. Den kom så brått, og gav så mykje meining, og ikkje minst heva den boka til eit eige nivå. Som thriller er boka som sagt ikkje den mest typiske, men som roman og bok i si heilhet, er dette veldig god litteratur. Mykje – og veldig lesbar – bok for pengane!

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2019