Sitat

«The Surface Breaks» av Louise O’Neill

I fjor las eg og elska Hun ba om det av same forfattar, men dette er ei litt anna bok enn den. (The Surface Breaks er ei gjenfortelling av Den lille havfruen. Til info er det kanskje mitt favoritteventyr, så vi operere med skyhøge forventningar her.) Hovudtemaet er fortsatt feminisme, men vert tematisert på ein heilt annan måte. O’Neill viste seg då som ein ekstremt talentfull forfattar som ikkje er redd for å knuse hovudperdsonen (og lesarens) håp og draumar for å gjere historia realistisk. Og så kan ein jo snakke om kor realistisk ei historie om havfruer kan vere, men så var jo ikkje eventyret opprinneleg like sukkersøtt som Disney-versjonen. I originalen til Hans Christian Andersen opplevde havfrua kjensla av å gå som å få få knivar opp i føttene og døydde i slutten av historia og vart bølgeskum.

No kan absolutt alle i heile verda plottet, så det trengs vel ikkje repeterast. O’Neill fortel akkurat den same historia, men legg fokuset på sterke kvinner og feminisme. Kven har vel ikkje tenkt at det var ganske vilt å ofre heile livet sitt og stemma si for ein mann ein aldri har snakka med ein gong? Ho legg til dømes fram korleis kvinner vert evaluert basert på utsjånad, ho problematiserer skamma ein liksom skal føle for å ete meir enn ein salatbit og kravet om perfeksjon frå patriarkatet.

Om dette hadde vore ein fantasyroman frå scratch, ville det vore mange «småfeil» for eit undervannsunivers, men dette tilgir eg glatt, for O’Neill klarer å legge seg så ekstremt tett opp til originalen, samstundes som ho får fram alle poenga sine. Slik fantasy opprinneleg var; politikk framstilt som fantasi. Boka er velskriven og sterk, mørk og med god driv. Den kan anbefalast til alle som liker eventyr, fantasy, feministisk litteratur eller berre ei god historie.

Forlag: Scholastic
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Louise O’Neill finn du HER.