Sitat

«Alias Grace» av Margaret Atwood

Leseeksemplar

Denne boka har det tatt meg eit år å lese ut. Ikkje fordi den var trå å kome seg gjennom, men fordi eg visste at den var så god, at når eg leste i den, måtte eg kunne ha fullt fokus på boka. Eg kunne ikkje lese ei side her eller der på bussen. Du forsvinn såpass inn i universet og teksten at det ikkje går an å tenke på andre ting. Og den typen bøker er verkeleg noko for seg sjølv.

Atwood fortel historia om Grace Marks, som på midten av 1800-talet vart dømt til livstid som medverkande til eitt grusomt mord (eigentleg to, men dommen for det første var nok), berre seksten år gamal. I følge retten skal ho ha vore forelska i arbeidsgjevaren sin, som var forelska i den andre tenestejenta, og vore så sjalu at ho overtalte tenesteguten som var forelska i henne sjølv, til å myrde sjefen og den andre tenestejenta. Men historiene Grace fortalte i retten var aldri like, og medskudlige McDermott fortalte tre heilt andre historier. Grace fortsatte å sei at ho var uskuldig, og mange jobba hardt for å både få henne dømt og frikjend.

Hovudfokuset i boka ligg rundt samtaler ho skal ha hatt med ein lege/psykolog, Simon Jordan, som tjue år etter dommen ville finne ut om ho faktisk var uskuldig, skuldig, eller gal. Vi får samtaler, tilbakeblikk, brev og tanker begge gjer seg. Det er djuptpløyande, gripande og tar verkeleg tak i den menneskelege psyka. Det er litt ekte tekstar (for det her er jo ei sann historie), men det meste er meisterleg dikta opp av Atwood. Boka er ganske tjukk, men vel verdt det. Betre portretteringar enn dette er vel knapt skrive.

Forlag: Virago
Utgivelsesår: 2017 (1996)

Fleire bøker av Margaret Atwood finn du HER.