Sitat

«Møtepunkt Paris» av Alan Furst

Boka er sponsa av Bastion forlag

Møtepunkt Paris

Andre verdskrig. Eller rettare sagt, opptakta til andre verdskrig. Vi er i Frankrike i 1938, og vi følgjer filmstjerna Fredric Stahl. Han har reist frå Hollywood til Paris for å spele inn ein film. Han er vand med å vere svært ettertrakta, men hadde ikkje forutsett kven som kunne ynskje seg hans selskap i Paris – tyske (og franske) nazistar. Dei ynskjer å bruke han som ei brikke i sin propaganda. Med truslar og utpresning veit ikkje Stahl korleis han kan sleppe unna, og vert ufrivilleg dratt inn ei verd av spionasje, tyske pengar, fascisme og farlege situasjonar.

Alle elsker vel å lese om krigshistorie? Eg fann denne boka særs interessant, då den setter lys på den franske delen av historien, som eg ikkje kunne spesielt mykje om. Boka var vanskeleg å kome i gang med, for det var mykje fakta og eg hadde lite forkunnskapar, men før den var halvvegs drog den meg inn. Settinga i eit filmstudio i Paris hjalp nok på, og siste halvdel vart slukt i ein omgang – umuleg å leggje ned. Om du likar krigshistorie, spionasje, filmhistorie, Frankrike eller berre godt lesestoff, vil du glede deg over denne boka! Kan og love at du sit med hjartet i halsen til siste side.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Til vi møtes igjen» av Kate Lord Brown

Boka er sponsa av Apropos forlag

Til vi møtes igjen

Dette er ei slik bok eg kunne lest om att fleire gonger. Herregud, så fantastisk! I samme stil, periode og tykkelse som Brevet til Stella, og vart slukt like fort. Historier om kjærleik og vennskap under andre verdskrig er og forblir ein fantastisk romanidé. Gi meg meir!!

Boka handlar hovudsakleg om Evie, ei rikmannsjente som er lei av å berre sjå på krigen. Ho vil hjelpe til. Og når Evie, som er pilot av hobby, finn ut at dei treng fleire pilotar til å sivilt transportere krigsfly, melder ho seg. Ho hamnar på brakke med Stella, ei kvinne som har mista mannen sin og forlatt barnet sitt, og Megan – ei walisisk jente som vil gjere ein innsats for å hedre broren som vart skoten ned i kamp. Saman opplever dei mykje fint, og mykje grusomt. Det er kjærleik, vennskap, krig, og som alle andre stadar ein tulling eller to.

Dette vart ei av bøkene eg græt av, men eg smilte òg mykje. Eg droppa Lekeland og Uno-spel for å få lese ferdig boka, så bra var den! Eg plent nekta å legge den ned. Den drog meg inn, og slapp ikkje taket før siste sida.

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Brevet til Stella» av Iona Grey

Brevet til Stella

I skrivande stund har eg tårer i auga. Ikkje berre i auga, men det renn nedover ansiktet mitt. Herregud, så trist og lykkeleg og fantastisk hjerteskjerande. Det finst gode bøker som ein gler seg til å lese i, som er gode og interessante. Og så finst det bøker ein ikkje kan leggje frå seg om ein hadde ynskt. Denne boka høyrer til den siste kategorien.

Boka handler om Jess, ei ung jente som rømmer frå ein valdeleg kjærast og tek seg inn i eit forlatt hus. Der finn ho brev frå Dan Rosinski, til ei kvinne som heiter Stella. Dei var kjæraster under andre verdskrig. Ho finn og eit nytt brev frå Dan, der han fortel at han er døyande. Og Jess bestemmer seg for at ho må finne Stella før det er for seint.

Boka er så perfekt. Eg lo og gråt, og eg smilte i massevis. Humoren og optimismen er gjennomgåande i heile boka, og han smittar. Eg har vel kanskje sendt eit par for lange, klissete meldingar til min eigen kjærast i løpet av dei timane (!) det tok meg å lese ut denne boka. For som sagt: eg kunne ikkje ha lagt den frå meg om eg hadde ynskt.

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«De fem fyrstikkene» av Hans Olav Lahlum

Dette er ikkje éin roman, det er tre kortromaner, eller langnoveller, om du vil. Patricia dukkar ikkje eigentleg opp, for det meste via telefon. Men det hindrar ikkje drama mellom K2, Miriam og Patricia.

Sjølv om boka ikkje er den typiske kriminalromanen som Lahlum skriv, er novellene like spanande kvar for seg som kvar av bøkene er. Sakene er kortare og mindre kompliserte enn i romanene (logisk nok), men dei er like vanskelege å gjette seg til ei løysing på. Og dei er kjempekreative! Dei er veldig Sherlock Holmes-aktige i utforminga (ikkje det at K2 er noko geni, haha), og råbra. Settingen er lagt til jul og nyttår, og gjev spenning for K2 sitt privatliv.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av Hans Olav Lahlum finn du HER.

Sitat

«Saras nøkkel» av Tatiana de Rosnay

Dei fleste av oss har vel kanskje sett filmatiseringa av boka med same namn, og veit kva den handler om. For dei som ikkje har det, handlar altså denne boka om den amerikanske journalisten Julia. Og parallelt med hennar historie, får vi høyre om Sara og hennar opplevingar under krigen.

Julia har budd i Paris i 25 år, er gift med ein franskmann, og saman har dei dottera Zoë. Medan ho jobber med ein artikkel, oppdager ho ein fæl og ofte ignorert del av fransk historie, Vel d’Hiv. I juli 1942 arresterte det franske politiet mange tusen jødar (mykje på eige initiativ) og sendte dei vekk til konsentrasjonsleirar, medan det franske folk berre sto og såg på. (Og dette er faktisk sant.) Ho finn ut at leiligheta til ektemannens familie tilhørte ein slik familie som blei arrestert, og set i gang med å finne ut kven desse menneska var, og oppdager at ingen veit kva som skjedde med Sara, dottera i den jødiske familien.

No er det lenge sidan eg har sett filmen, men eg huska likevel nok til å ha eit godt grep om historia før eg starta på boka. Altså, boka var god, den, og eg skal ikkje påstå at det var bortkasta tid, men: boka kjem ikkje til å setje nokon varige spor hos meg, for det har allereie filmen gjort. Er det berre eg som blir vanvittig rørt og prega av nesten alle historier knytt til andre verdskrig?? Dersom du ikkje har sett filmen, les boka! Har du sett filmen, har du eigentleg fått med deg det meste. De Rosnay skriv såpass nøkternt og rett fram at du ikkje vil ha gått glipp av mykje indre liv.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2008

Fleire bøker av Tatiana de Rosnay finn du HER.

Sitat

«Boktyven» av Markus Zusak

Dette er FAVORITTBOKA MI. Above all else. De ser jo kor gjennomlest og godt slitt pocketboka mi er på utsida.

Boka handler om tyske Liesel under andre verdskrig. Ho og veslebroren er på veg til Molching, for å bu hos eit ektepar. Men veslebroren overlever ikkje turen, og må gravleggjast undervegs. Under gravferda ser Liesel ei handbok for gravarar, og stikk henne i lomma – sjølv om ho ikkje kan lese. Når ho kjem fram, vert ho god venn med fosterfar sin, Hans. Saman med Hans finn Liesel den store litteraturverda. Livet til Liesl verkar ganske ordinært, heilt til Max dukkar opp i det. Max er jøde.

Boka er heilt unik. Den er skriven så vanvittig godt, er så original (og det er godt gjort med tanke på alle romanane andre verdskrig har inspirert). Mange av scenene er ekte historier Zusaks bestefar opplevde under krigen sjølv, noko som jo er både fint og samstundes grusomt å tenkje på. Den er lettlest og utruleg spennande, så eg vil anbefale denne boka til absolutt ALLE. (Og om du ikkje likar den, vil eg ikkje vere venn med deg.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgiveslesår: 2006