Boka er sponsa av Juritzen forlag
Eg har litt vondt inne i meg. Sorry not sorry, men dette er ikkje særleg bra. Boka skal liksom passe for dei som likar SKAM, men eg ser absolutt ingen likskapar mellom serien og boka, på noko nivå. For å ikkje snakke om karakteren Sofie! Ho er nitten, men oppførselen er meir som tretten. Intelligensen og normal folkeskikk er kanskje lågare. Det står bakpå at Sofie er sjølvutleverande og ironisk. I call bullshit. Sofie framstår berre som smådum, barnsleg (ho snakkar seriøst berre dritt om foreldra sine, som ikkje eigentleg gjer noko gale) og overflatisk. Det vert ikkje oppfatta som sarkasme eller satire frå mi side, berre kleint.
Sjølve boka handler berre om alle dei forskjellige gutane som Sofie møter, som alle er dumme, kjedelege, sjølvopptatte, overflatiske, frekke eller stygge. Vel, shocker, Sofie er ikkje noko catch sjølv. Ho er ferdig på vidaregåande, jobbar på kafé og bur fortsatt heime, noko ho surmular over konstant. Ho leiter berre etter kjekke, rike, vestkantgutar, men ingen er bra nok når det kjem til stykket (til trass for kor smålubben, lite pen, lat og kjedeleg Sofie sjølv veit ho er). Ho sveipar og sveipar. Ho vil så gjerne ha kjæreste, men ingen er bra nok. Ho klager over alle som dumpar ho etter ein date, men gjer akkurat det same sjølv. Forfattaren har jo uttalt at mykje er basert på eigne erfaringar, og dersom det stemmer synest eg eigentleg litt synd på ho.
UNNSKYLD for at eg verkar så sur og negativ. Eg prøver alltid å vere positiv når eg omtaler bøker, for vanlegvis vil bøker passe for ein eller annan. Eg ser derimot ikkje heilt kven som vil like denne boka. Vaksne kjem nok til å tenke det same som meg (auch, er eg så gamal allereie??), unge vil nok oppfatte det som ganske merkeleg opplegg. Eller, opplegget og ideen er ikkje så dum, utførelsen er berre mislukka. Språket er dårleg (show, don’t tell gjekk forfattar og redaktør hus forbi), det skjer ikkje så mykje som ikkje involverer alkohol og sex av typen why not? Uff, nei, det funker ikkje. Eg føler eg burde vere ung og kul og like denne boka (eg er yngre enn forfattaren), men det gjer eg dessverre ikkje.
Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017