Sitat

«Orkansesongen og stillheten» av Anne-Cathrine Riebnitzsky

Boka er sponsa av Font forlag

Orkansesongen og stillheten

Du vil aldri, aldri, i dine villaste fantasiar gjette deg til kva som skjer i løpet av denne romanen. Riebnitzsky kan i alle fall overraske! Kapitla er korte, og det at vi følgjer fleire personer kunne fort gjort det vanskeleg å hengje med, men det fungerer liksom. Du heng ikkje på kanten av stolen i spenning, men du vil likevel kose deg kvart minutt du les.

Presten Monica reiser til Guatemala for første gong på tjue år for å slappe litt av, og kome seg unna sorggrupper, kyrkjemøter, konfirmantar og bekymra foreldre. Ho er ein litt annleis prest, veldig folkeleg, ærleg og menneskeleg. På reisa si, og heime i Danmark, krysser ho mange liv (som igjen kryssar kvarandre, tenk Love Actually/Valentine’s Day). Ein av desse er Beate, advokat og jeger med ei sur kjerring til mor. Ein annan er den Nory, tenåringsjenta frå Guatemala som drøymer om eit nytt liv i USA.

Men karakterane i boka oppdager at alt ikkje blir som ein skulle ønske, og av og til går det nesten for bra. Romanen tek for seg forholdet (ofte turbulent) mellom foreldre og barn; alt vi er villige til å gjere for å beskytte dei, for å kome oss vekk i frå dei (enten det er foreldre eller barn), samstundes som vi er glade i dei. Det er og tema som narkotikasmugling, angst, rådyrjakt (ikkje spør, berre les) og religion. Det høyrest kanskje litt rart ut, men det fungerer knallgodt. Eg storkoste meg med boka, og så velskriven og lettlest som den er, flaug den forbi.

Forlag: Via
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Den du ikke ser» av Jonas Moström

Boka er eit leseeksemplar fra Boklageret

Den du ikke ser

Denne boka har solgt som hakka møkk på jobb før påske, så når vi fikk tilsendt leseeksemplar tok eg den sjølvsagt med på min eigen påskeferie. Påskekrim er eigentleg ikkje ein tradisjon eg følger slavisk – dette var den einaste krimromanen eg tok med. Og eigentleg er det like greitt. Krim er ikkje det eg les mest av (eg forstår ikkje dei som berre les krim, det blir jo veeeeldig mykje av det same – eller?).

Uansett, boka er den fyrste i ein komande serie om psykiater Nathalie Svensson. Boka går berre over eit par dagar, men med mange ulike synsvinklar og eit par tilbakeblikk frå ti år tilbake. Ei vårnatt i Stockholm ser Nathalie elskeren sin bli skoten og drept i ei fontene – på akkurat same vis forloveden vart drepen ti år tidlegare. Ho ynskjer at det ikkje skal vere ein samanheng mellom drapa, men tvilen kjem snikande når ho oppdagar at ho har ein stalker som ikkje vil late henne vere i fred.

Kapitla var veldig korte, så lesninga gjekk ganske radig unna. Sjølve plottet var nok ikkje heilt det store, eg har lest verre og meir dramatiske historier i det mange krimentusiastar vil kalle «typiske dameromanar». Vel… Språket var jo godt, så eg kjem nok til å lese den neste boka òg, men då må nok historia ta seg opp om eg skal gidde å lese den tredje. Det er ikkje noko blodig og grusom bok, så den passer godt for det folk i Hva leser du akkurat nå? ville kalt «sarte sjeler».

Forlag: Goliat forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Morder-Anders og hans venner (samt en og annen uvenn)» av Jonas Jonasson

Morder-Anders

Igjen med desse ekstremt lange titlane, da! Men dei er jo halve moroa? Og skal vi snakke om kor frekt det er av Dagbladet å kalle det ein farseroman? Og sei det er for mykje stillstand mellom slaga? Det er jo ikkje sant i det heile tatt! Det fantastiske med bøkene til Jonasson er jo fortellermåten, som er heilt unik og humoristisk.

Denne boka skil seg litt ut frå dei andre. Den foregår berre i notid, og fortidene blir raskt oppsummert (sjølv om dei, som i det vanlege liv, alltid tar oss att), og Morder-Anders er eigentleg ikkje hovudpersonen. Men like morosam som dei andre? Ja!

Hovudpersonane er resepsjonisten Per Persson (eller Jansson), og den tidlegare sognepresten Johanna Kjellander (som er ateist). Tilfeldigheitane vil ha det til at desse to støter på kvarandre, som i sin tur støter på Johan Andersson, betre kjend som Morder-Anders. Han har tilbrakt så godt som heile sitt 56 årige liv i fengsel, så ein kombinasjon av piller og sprit gjerne leder til mord for hans del. Presten og resepsjonisten bruker Morder-Anders som torpedo, og tener store penger på det. Men så vert morderen interessert i prestens bibelvers (som ho sleng ut i hytt og vær), og plutselig blir han kristen. Og så må dei endre businessen lite grann.

Hysterisk morsom, humoristisk skrive og engasjerande til siste side! (Og nei, det er ikkje for langt mellom slaga! Kor mange mord og drap kan ein eigentleg kreve av ein rehabilitert og kristen morder?)

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Jonas Jonasson finn du HER.