Sitat

«Forbilde» av Sophie Elise

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Forbilde

I dag er det nøyaktig seks år sidan Sophie Elise Isachsen starta ein av Noregs mest leste bloggar, og starta reisa si som kanskje den mest omtale bloggaren. Ei reise som har krevd mykje. Og Sophie kan skrive, skikkelig godt faktisk.

Sophie var ikkje den mest populære jenta i Harstad. Ho vart mobba, sleit med sjølvskading og dårleg sjølvbilete. Sjølv etter at ho starta bloggen sin og vart populær i Noreg, vart ikkje livet i Harstad betre. Ho brukte mykje tid på bloggen, som ho såg på som ein billett bort i frå heimbyen, og på seg sjølv. Silikon vart tatt, nasa vart fiksa på, extensions var alltid på plass. Slekt braut kontakta med familien, folka på vidaregåande vart ikkje noko hyggelegare. Og om ho no kom seg til Oslo, ville alt bli betre? Ville rosabobla la vere å sprekke? Vel…

Det er vel to typar menneske her i landet; dei som likar Sophie Elise og dei som ikkje gjer det. Begge desse typane bør eigentleg lese denne sjølvbiografien: anten vil du begynne å like Sophie, eller så vil du like ho enda bedre. Det er ei sterk historie, og det er eigentleg ein ganske viktig refleksjon over dagens samfunn. Og om du les dette, Sophie, så vil eg berre seie ein ting: du kan vere stolt av denne boka. Den er god.

(Eg må berre legge til at eg ikkje forstår kvifor VG har gitt boka terningkast fire, eller kvifor Dagbladet kaller det «først og fremst deprimerende lesing» og «skrivefør, men selvopptatt». Det er en sjølvbiografi, så klart handler den om ho sjølv. Det er liksom eit sjangerkrav. Dust.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Sophie Elise finn du HER.

Sitat

«Augustus» av John Williams

Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm

Augustus

Etter å ha lest Stoner (og elska den) av same forfattar, måtte eg berre lese Augustus òg. Williams er verkeleg eit litterært geni. Er det mulig å skrive så nøkternt samstundes som ein får frem slike kjensler?? Det er nesten så ein ikkje skulle tru det.

Denne historiske romanen er skriven på brevform, og byggjer opp eit bilete av keiser Augustus og livet hans. Det er faktisk berre to brev i heile romanen som Augustus sjølv har skrive, alle andre er til han eller til nokon i hans krets. Den tar for seg (dei utruleg kompliserte) pliktekteskapene, diktinga til Horats og Cicero, familien hans, venene hans, fiendane hans. Og ja, forresten: boka er halvvegs fiksjon, halvvegs faktiske brev. (Kva som er kva, aner eg ikkje, men eg veit at Williams har teke seg ein del kunstneriske fridomar med å skrive denne boka.)  Det er i alle fall umåteleg spennande og sidene vert rivne vekk, sjølv om ein der og då føler at det kanskje ikkje er så lettlest. Men når boka er slutt, sit ein der og tenkjer: så uhorveleg interessant!

Eg vil ikkje anbefale denne boka til dei som ikkje har lest bøker på ei stund eller kun er vant til «lette» bøker, det kan bli ein ganske hard overgang. Men om du er interessert i historie, kvalitetslitteratur og ulike kulturar, er denne boka definitivt for deg. Og viss nokon lurer, så står så klart Butcher’s Crossing på leselista mi etter denne.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016 (1972)

Fleire bøker av John Williams finn du HER.

Sitat

«Sapiens: En kort historie om menneskeheten» av Yuval Noah Harari

Sapiens

Denne boka er herved den beste ikkje-skjønnlitterære boka eg har lest. Den er fantastisk!! Harari klarer å formidle så utrulig mykje kunnskap, nesten latterlig effektivt. Ein skulle tru at mykje informasjon om evolusjon, økonomi, religion og så vidare fort ville blitt tørt, men det er nesten umogleg å leggje boka i frå seg. Det er så bra skrive!! (Kan de høyre opphissinga mi frå bak skjermen, eller?) Harari skriv med humor, sjølvironi og innsikt. Det er lett å forstå boka, og like lett å forstå at ho er skriven av ein eksepsjonelt kunnskapsrik mann. Det er lite eg blir skeptisk til, og eg skal innrømme at dei siste kapitla eigentleg skremde meg. (Og som Harari sjølv seier: om du ikkje vert skremd, har du ikkje tenkt nøye nok gjennom det.)

Eg kan no skryte på meg å vite kvifor menneske ofte har så vondt i ryggen, kvifor menneskebabyar er så hjelpeslause i årevis, kvifor gull kostar kva det kostar og kvifor enkelte indonesiske menneske berre vart éin meter høge og vegde 25 kg. Og visste du at vi var minst seks ulike menneskerasar samstundes på jorda for mange titusen år tilbake, men at vi (Homo sapiens) utrydda dei andre?

Dersom du enno ikkje har fått lyst å lese boka, så vil eg tru du ikkje er morosam på fest. Denne boka burde heilt alvorleg vore pensum. Ferdig snakka. Så Bazar forlag, viss denne boka kjem i pocketformat før jul, så skal eg kjøpe den i julegave til heile familien min.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Yuval Noah Harari finn du HER.

Sitat

«Calendar Girl: Begjært» av Audrey Carlan

Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm

Begjært

Og historia fortsetter! Dette er andre bok om Mia Saunders og hennar år som eskorte. Vi følgjer Mia i april, mai og juni, og etter denne boka er vi altså halvvegs i historia hennar. What? Og så må eg vente på dei to neste bøkene?? Vi snakkar oktober og november, liksom.

Mia har fortsatt reisa si, og hamnar først i Boston (i april) hos ein baseballspelar som ikkje heilt har orden på privatlivet sitt. I mai reiser ho til Hawaii, der ein designer har leigd ho heile månaden for å vere modell for eit plus size-merke. Etter ein heit (på alle måtar) månad, blir juni tilbrakt i Washington DC, hos ein 65-årig politiker. Mia er jo som sagt i forrige omtale av serien ganske tøff, og klarer ikkje la vere å blande seg borti alle sine private affærer og spille hobbyterapeut. (Spoiler: For dei som kun har hørt om bøkene og ikkje lest dei, kan eg avsløre at Mia absolutt ikkje er horete. I denne boka har ho faktisk ikkje sex med ein einaste klient!)

Denne boka går djupare enn den første. Kvar «episode» tek for seg ei litt alvorlig tema, og Carlan behandlar dei fint. I april står brystkreft sentralt, i mai kroppspress og i juni seksuelle overgrep. Eg køddar ikkje når eg seier at eg gråt i «juni». Heilt ærleg, spander på deg desse bøkene.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Audrey Carlan finn du HER.

Sitat

«Analfabeten som kunne regne» av Jonas Jonasson

Bok sponsa av BOKeksperten.no

Analfabeten

Om du bør lese denne boka, er ikkje spørsmålet. Spørsmålet er når du skal lese den. Boka er fantastisk morsom, og plottet så usannsynleg at du trur på det. Fortellarmetoden til Jonasson med å hoppe i tid og synsvinkel er så ekstremt bra utført at å legge ned boka er fysisk umuleg.

Plottet startar i ein slum i Sør-Afrika, der Nombeko Mayeki, ei ung jente, lærer å rekne og lese. Som femtenåring vert ho påkøyrd i Johannesburg, ei påkøyring som skal snu heile livet hennar på hovudet. Ho vert dømd til å arbeide gratis hos han som køyrde over henne, som straff for bulken i bilen. Denne mannen er pålagt av myndighetene å lage ei atombombe, noko Nombeko klarer mykje betre enn han. Så kan man heller lese boka og finne ut korleis denne sørafrikaneren som eigentleg skulle ha levd og dødd i slummen ender opp i Sverige med ei sint jente, ein svensk mann som eksisterer – og tvillingbroren hans som ikkje gjer det.

Boka er så herlig respektlaus, og tonefallet så sarkastisk at eg faktisk lo høgt fleire gonger! Så, gjer deg sjølv ei teneste og kjøp den.

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Jonas Jonasson finn du HER.