Sitat

«Indias datter» av Shilpi Somaya Gowda

Boka er sponsa av BOKeksperten.no

Indias datter (2)

Boka startar på åttitalet i India med Kavita Merchant, som føder sin fyrstefødde. Ei dotter. Mannen Jasu tek bornet og set det ut i skogen. Dei har ikkje råd til ei dotter. Andre gongen Kavita føder er det også ei dotter. Kavita ber Jasu om nokre timar åleine med barnet før det skal drepast. Desse timane brukar ho på å gå til Bombay og levere dottera Usha til ein barneheim.

På den andre sida av verda, i San Fransisco, opplever Somer endå ein spontanabort. Ho kan ikkje få barn. Ho og mannen Krishnan bestemmer seg for å adoptere frå India, der Krishnan kjem i frå. Jenta dei vel er kalla Asha.

Boka strekkjer seg over 20 år, og ein får innblikk i Indias kultur, kor enn barbarisk den enn måtte vere til tider. Det nye livet til Kavita, det nye livet til Somer etter at Asha blei ein del av det. Når ho er 20 år reiser Asha til India for å finne ut kvar ho kjem i frå. Boka er vakkert skiven, på den måten at kvart einaste ord er ærlig. Enkelte hendingar er så grusomme at ein får tårer i auga. Innblikka i den indiske slummen gir sterke inntrykk, og ein må klype seg i armen for å fatte at dette skjer i den verkelege verda.

Boka er sterk, den er grusom, og den er varm. Den anbefalast av heile mitt hjarte.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2013

2 thoughts on “«Indias datter» av Shilpi Somaya Gowda

  1. MoonStar seier:

    Dette er ikkje normalt ein bok eg ville plukka opp, men så den i butikken andre dagen og tenkte hmm.. kanskje.. men etter å ha lest oppsummeringa de tror jeg at jeg må låne den på biblioteket 🙂 høres veldig spennende ut 🙂

Legg igjen en kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s