Eg er fan av svensk litteratur, det er ein spesiell type sarkastisk og samstundes koseleg humor. Eller er det berre eg som føler det slik? Eg elsker i alle fall alle bøkene til Karin Brunk Holmqvist, og debuten «Potensgiverne» er så klart ei av dei beste.
Boka handler om systrene Tilda og Elida, som lev eit fredeleg pensjonistliv på landsbygda i Sverige. Dei er nøgde med eit roleg, gamaldags liv med utedo. Heilt til Alvar flytter inn i nabohuset. Og sjarmerer damene i senk. Plutseleg kjøper dei seg nye klede, dei krøller håret, og dei må skaffe seg innlagt do. For det har Alvar. Men for å få råd til ein innlagt do, så treng dei pengar. Og nød lærer naken kvinne å spinne, så dei finn opp eit potensmiddel. Samstundes ynskjer veslebroren deira at dei skal flytte på gamleheim så han kan ta over barndomsheimen som sommarhus, og har sine eigne problem med kona. Som potens.
Tårene trillar, og boka er god lesning frå side til side. Det er jo ikkje ei bok få har lest, og færre har høyrd om, men det er verkeleg ikkje vanskeleg å skjøne kvifor.
Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2009
Fleire bøker av Karin Brunk Holmqvist finn du HER.
Jeg ELSKER bøkene hennes, og dette er vel en av favorittene mine. Det er jo lett underholdning men av og til er det godt med slike bøker også! 🙂 Det er en fryd å se på de fine bildene du har av bøkene du har lest 🙂
Tusen takk! Eg legg veldig mykje tid i bildene eg tar av bøkene, kjempekoselig å høyre du syns dei er fine 🙂