Sitat

«Hannah» av Nick Alexander

Boka er sponsa av Bastion forlag

Hannah

Da har eg akkurat lagt i frå meg Hannah. Og eg gler meg til å lese meir om ho i oppfølgjaren som kjem no i august. Kjenner ei indre glede, altså!! Så folkens, kjapp dykk å lese denne så de er forberedt til august.

Hannah er 38 år, og i 15 av dei har ho vore gift med Cliff. Ho synest eigentleg at livet er greitt. Mannen er grei, jobben er grei, huset er greitt. Alt er eigentleg heilt greitt. Og Hannah er i tvil om greitt er bra eller dårleg. Skal man kunne kreve meir av livet? For ho har jo opplevd lidenskap, men alt var jo så komplisert. Det var tross alt broren til Cliff. Og mindre komplisert blir ikkje familieferien ho dreg på med mannen, sonen, systera, niesa, og systeras homofile bestevenn.  Hannah oppdager årelange løgner, ulykker, sjalusi og desperasjon. Og ikkje minst blir ho stilt ovanfor spørsmålet: vil ho ha Cliff eller broren, James?

Boka er ein page-turner, eg la den kun ned for å sove. Når eg åt hadde eg boka i eine handa, pizzastykket i den andre. Den drar deg inn, og gir liksom ikkje slepp før siste sida er lest. Spenningsnivået er relativt høgt og stabilt gjennom heile boka, utan å vere melodramatisk. Enkelt og greitt: ei sabla bra bok.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014