Sitat

«Blomstene i Shanghai» av Duncan Jepson

Blomstene i Shanghai

Eg er ærlig talt litt sjokkert etter å ha lest ut denne boka. Boka handler om Feng, som fortel ei historie til dottera si. Feng er 17 år når ho vert gifta vekk, og ikkje budd på livet i Shanghais sosietet på 30-talet. Ho føder ei dotter, og ber teneren sin gi henne vekk, fordi ho ikkje vil påføre dottera den smerta det er å vere jente i samfunnet. Vi følgjer Feng medan ho finn seg til rette i sosieteten, i familien, og får ein son.

Boka har ein spennande vri på slutten, då kommunistane tek over Kina. Fortida til Feng tar ho òg igjen. Boka var spanande, hadde driv og var interessant til siste side, kanskje spesielt for meg med mi interesse for ulike kulturar. Ekstra imponerande var det jo at forfattaren er mann, men likevel klarte å skildre så intime og personlege kjensler hos ei kinesisk kvinne. Anbefalast på det varmaste!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2012

One thought on “«Blomstene i Shanghai» av Duncan Jepson

Kommentarfeltet er stengt.