Sitat

«Fantastisk og elsket av alle» av Martina Haag

Fantastisk og elsket av alle

Fantastisk og elsket av alle (og på jobben går det også kjempebra) er ei snart ti år gammal svensk bok om skodespelaren Isabella Eklöf. Ho er vel strengt tatt ikkje skodespelar, men er arbeidslaus og på trygd. Og dei få jobbane ho får som skodespelar er pinleg dårlege og lavtløna, og trygda går straks ut på dato. Ho treng jobb. Alle innen film, tv og scene i Sverige får tilsendt ein CV (som er ekstremt overdriven). Og etter mykje strev, får ho endeleg draumerolla på Dramaten. Men det er eit lite problem; ho får jobben fordi ho lyg om at ho er akrobat. Og Bella blir svimmel av å knyte skolissene sine.

Boka er lettlest og ganske enkel. Eg føler svensk samtidslitteratur er utruleg humoristisk uansett kva tema dei tek opp, og er veldig originale komedier; karakterer som skaper sine eigne problem, og som eigentleg ikkje endrar seg etter løysinga av problema. Når vi snakker om denne boka, snakker vi eigentleg om ei god blanding mellom Karin Brunk Holmqvists og Lena Anderssons bøker. Ganske kort bok, så verdt å lese om du vil ha noko enkel underhaldning.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2006

One thought on “«Fantastisk og elsket av alle» av Martina Haag

Kommentarfeltet er stengt.