Leseeksemplar frå Boklageret
Dette er den fyrste boka eg nokon sinne les av Jo Nesbø. Eg høyrer ofte folk seie/skrive at denne er dårlegare enn Harry Hole, at dei ikkje likar språket osv. Vel, eg likte den i alle fall.
Boka er ganske kort, men det er skvist mykje handling inn. Den handler først og fremst om leigemordaren Olav. Olav er eit veldig hyggjeleg menneske, og han forelskar seg lett. Det går stort sett greit, men blir litt problematisk når han forelskar seg i det neste offeret sitt. Som att på til er kona til sjefen. Men kva skal ein gjere når kjærleiken slår til? Kan love ein fantastisk plot twist!
Så ja, eg synest den var bra. Språket er munnleg, og boka kjempelettlest. Storyen var kompakt, men ganske genial, og eg såg ikkje slutten kome slik den gjorde. Prisen er kanskje litt vel høg (maksrabatt 262,-) for denne tynne greia, men du kan sjølvsagt vente til 1. mai neste år og få den til nesten halve prisen, vil eg tippe. Eller låne den på biblioteket (om du ikkje har same eigetrangen til bøker som eg har).
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015
Fleire bøker av Jo Nesbø finn du HER.