Sitat

«Blondehuset» av Heidi Bjørnes

Blondehuset

Heidi Bjørnes har blitt kalla Norges Karin Brunk Holmqvist, men det er heilt feil. Dette var mykje, mykje betre. De veit vel til no at eg elsker Holmqvist og koser meg med bøkene hennar, men dette var ei klasse for seg sjølv. Eg kan ikkje forklare boka betre enn å presentere eit par av hovudpersonane:

Mina er 87 år gamal og oppvaksen i Blondehuset. Ho byrjar smått å bli dement, men tar i mot alle som treng ei hjelpande hand, og lar dei bu i Blondehuset.

Det nyaste tilskotet er Egorbert, postmannen i byen. Han har budd i bilen sin nokre dagar, fordi han kom heim og fann kona splitter naken under pianostemmaren – på pianoet.

Lillian er den som har budd der lengst, etter å ha reist frå Nord-Norge med mange grusomme minner i bagasjen, både som kone og mor.

Anna dukka opp fordi Mina ba henne kome då ho vart sjuk. Anna aner ikkje kor komplisert livet hennar skal bli når ho drikk seg sanselaus og vakner opp med ein kjekk kar. Som ho seinare ser att på preikestolen i ein nabos begravelse. Og han er 12 år yngre enn hennar 48 år.

Johan er evig ungkar og driv ein strikkebutikk. Etter at huset hans brann ned, har han budd i Blondehuset inntil vidare, som dei andre.

Ein annan person i bygda er Ellen. Søte, snille, pliktoppfyllande Ellen med ein tosk av ein ektemann og grusomme stedøtre – eigentleg er ho meir slave og punchingbag enn kone og morsfigur. Men éin ting kan Ellen – å bake! Dess meir kjend ho blir med beboerane i Blondehuset, dess meir finn ho mot til å fikse livet sitt.

Boka er lettlest, herlig og lattermild som få! Og kjære, kjære Heidi Bjørnes: kan eg versåsnill å få ein spin-off-roman om kvar einaste ein i denne boka????

Forlag: Silke
Utgivelsesår: 2015

Advertisements