Sitat

«Syv år til synd» av Sylvia Day

Boka er sponsa av Bastion forlag

Syv år til synd

«Kjærleiksroman», «erotisk roman». Vi kan jo berre kalle ein spade for ein spade, eller kva? Husmorporno, det er det dette er. Boka traff meg ikkje ett hundre prosent eigentleg. Det var ganske kleint i starten med dei stive 1800-talsfolka som sa «De» og «Dem» medan dei hadde sex, samstundes ord som «nypult» og «knulle» blei slengt litt vel casual rundt, så der krasja det litt for min del. Og eg er heller ikkje så veldig opptatt av folk sine anklar, men eg forstår jo at romantikkens engelske gentlemen hadde sansen for det.

Boka handler fyrst og fremst om Jessica Sheffield. Når Jessica er 18 år gamal ser ho ein bekjent, Alistair Caulfield, ha sex med ei mykje eldre lady i eit lysthus. Biletet brenn seg fast. Sju år seinare døyr ektemannen til Jessica, og ho legg ut på ei reise for å ordne opp i ektemannens business på Jamaica. Ho hamner (nesten) tilfeldigvis på same skip som Alistair, og det uunngåelege skjer. Pang!, og vi har ei kjærleikshistorie av proporsjonar.

Om ein kjem seg gjennom dei første kleine møta, så er boka knallbra. Den var med meg på tredemølla i dag, like godt som på sofaen. Den fanga interessa mi, både hovedhistoria og sidehistoriene. Så om du er husmor på leit etter god porno (hehe, neida), så er dette i alle fall ein god kandidat. No gler eg meg til å lese Crossfire-serien av same forfattar, og kryssar fingrane for at den moderne stilen er enno litt betre!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2013