Boka er sponsa av Oktober forlag
Hjartet mitt blør i skrivande stund. Denne boka vart slukt på ein liten time, og det var ikkje snakk om å leggje ho ned. Boka er skriven av ei veninne av ei veninne, og er sjølvbiografisk. Dette er Marianne.
Marianne er 13 år gamal når no utviklar anoreksi. Ho er ikkje lei seg eller manglar noko – ho føler rett og slett at ho er for mykje. Og om ho kunne skjert vekk alt, sett vekk frå skjelettet, ville livet vore perfekt. 15 år gamal strevar ho fortsatt med å skape den kroppen ho sjølv ynskjer å ha. 15 år gamal blir ho òg lagt inn på psykiatrisk avdeling i Bergen. Etter noko som verka som ei evighet, er ho endeleg frisk nok til å reise heim. Frisk? tenker Marianne. For det er ikkje slik, ho var jo aldri sjuk.
Eg kunne skrytt i det uendelege av denne boka, men eg kan avslutte med å seie at dette er boka for deg som vanlegvis ikkje likar å lese. Den er lettlest, med korte avsnitt i staden for kapittel, og heilt, totalt, absolutt nydeleg. Og ja, så er den jo på nynorsk!
Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2015
One thought on “«Svart belte» av Marianne Clementine Håheim”
Kommentarfeltet er stengt.