Først av alt, så ingen blir like forvirra som meg; ja, dette er i ei forstand ein oppfølger til Blod på snø. I tidslinje, i alle fall. Hovudkarakteren er derimot ikkje den same, sjølv om han kjem frå same miljø. Det tok meg halve boka å oppdage det, men betre seint enn aldri.
Boka handla om Jon (kalla Ulf) som stikk av frå narkobaronen Fiskeren i Oslo. Vi er fortsatt på syttitalet, men no tar vi ein tur nordover, til Kåsund, der lestædianarar og samar bur side om side. Ulf får låne ei jakthytte av Lea, og blir god ven med sonen Knut. I løpet av den korte tida han er der, opplever Ulf å både bli invitert inn overalt og fryst ut på dei same stadene. Og han veit at det ikkje vil vere lenge til Fiskeren sender nokon for å drepe han. Og kanskje hadde det berre vore like greitt? Ho døydde jo og…
Desse bøkene er så langt dei einaste bekjentskapa eg har gjort med Jo Nesbø (I know, right?), men eg liker dei. Dei er tynne, enkle, lettleste, og sjølv om eg ikkje akkurat ville kalle denne boka direkte krim, synest eg den er god. Språket er munnleg og godt, og vips, er boka slutt.
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015
Fleire bøker av Jo Nesbø finn du HER.