Dette er den første boka i «New York»-serien til Emma Chase. Chase skriver morsomt, sexy og dramatisk. Sjølv om det er brennheite sexscener i boka, vel eg heller å kategorisere den som ein kjærleiksroman. For det er det alt handler om, og for aller fyrste gong i Drew Evans liv.
For Drew Evans har alt: penger, ein jobb han elsker, hobbyer, venner.. Alt ein ungkar i New York kan ynskje seg. Drew er ikkje den typen mann som ikkje vil ha det han ikkje kan få, han vil ikkje ha det han har hatt før. Heilt til han møter Kate. Han veit ikkje kvifor, men han vil berre ha meir. Det er kun ein million problem: Kate arbeider på kontoret hans (og ein av Drews reglar er å ikkje ha sex med ein kollega), og i tillegg er ho allereie forlova. Men Drew er ikkje typen til å gje opp – og endar opp med å presse alt for hardt.
Boka er kjempeunderhaldande og går fort ned! Det er jo lett underhaldning, ikkje ei tung bok, men vi treng alle litt av den typen litteratur inn i mellom og? Og så er det jo ekstra kjekt at boka er frå mannens perspektiv!
Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014
Fleire bøker av Emma Chase finn du HER.