Sitat

«Bildet av Rebecca Winter» av Anna Quindlen

Boka er sponsa av Bastion forlag

Bildet av Rebecca Winter

Anna Quindlen var ein ny forfatter for min del, men eg vart absolutt ikkje skuffa! Det tok eit kapittel eller tre for å kome heilt inn i boka og Rebecca (spoiler: ho er seksti). Den er skrive akkurat slik eg likar lett litteratur: korte kapittel (med morosame titlar), endringar i perspektiv (ein hund), og massevis av digresjonar (fleire avsnitt i parentes). Rett og slett ei gøyal leseoppleving!

Rebecca er fotograf. Vel, nesten avdanka fotograf. Ho er skild for mange år sidan, og har ein son. Ho har og ein far, og ei mor på ein sjukeheim. Og med alle desse som vil ha ein bit av henne, skjøner Rebecca at ho ikkje har råd til leiligheita si i New York lengre. Så ho leiger ut leiligheita til blodpris, og leiger eit billeg hus i ein skog nokre timar unna. Her bli Rebecca (fyrst motvilleg) ven med Sarah, Jim, Tad og får seg hund. Og akkurat i det ho skal til å oppleve suksessen på nytt, skjøner ho at ikkje alt kan fangast gjennom ei kameralinse.

Rebecca og dei andre karakterane i boka var ein fest å bli kjend med! Ei utruleg velskriven bok (for min smak, i alle fall), med mykje kjensler, humor og velvridde formuleringar.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015