Boka er sponsa av Cappelen Damm
Eg har lest veldig få historiske romaner om 1800-talets Amerika, men eg innser at eg verkeleg burde lese fleire. Tittelen her er for min del litt forvirrande, då det faktum at ho vert gitt i bryllupsgave til halvsøstera si ikkje er poenget i boka i det heile (eigentleg vert ho berre med på kjøpet), og skjer ikkje før midt ut i boka.
Boka er fortalt av to sterke kvinner, som parallelt går gjennom sitt personlege helvete: ei slavekvinne ved navn Sarah, og hennar frue, Theodora Allen. Begge fortel om sine oppvekster, og livet på Allenplantasjen. Theodora mistrivst som husfrua til Cornelius, og Sarah bruker dagane på å drøyme om å rømme frå plantasjen. Men lite går som planlagt for nokon av kvinnene. Det er dødsfall, kjærleik, og ikkje minst skuffelsar og sorg. Det er verdt å merke seg at boka er fortalt i fortid, og det er veldig tydeleg at lesaren er mottakaren av personlege historier dei sjølve fortel. Men som man kan med alle historier, er ikkje forteljaren påliteleg. På dei to siste sidene vart eg helt satt ut, og følte meg nesten dum som ikkje hadde sett samanhengen før no.
Om du likar dei moderne sørstatsromanane i Lynne Bryant-stil, burde du òg prøve deg på den meir historiske typen.
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014