Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm
Historia om Mia er ikkje slutt enno, men det er ikkje mange månadane att no! Vi er no komne til juli, august og september – månader som vil vise seg å utfordre Mia og presse henne til hennar ytste.
I juli er ho ansatt for å spele forførerske i hiphopvideoen til Anton, betre kjend som Latin Lov-ah (sjukt kleint namn). Mia slit fortsatt med flashbacks etter overgrepsepisoden i juni, og dette påverkar heile tilveret hennar. I august går turen vidare til Texas, der ho er hyra for å late som om ho er den forsvunne systera til Maxwell Cunningham, men oppdager etter kvart at noko ikkje stemmer (ho er heilt hinsides treig til å fatte poenget, faktisk). I september må ho reise tilbake for å ta farvel med faren, då tilstanda hans forverrer seg. Difor møter ho ikkje opp hos den niande klienten, og skuldar no han hundre tusen dollar. Og har dermed ikkje pengar til å betale Blaine, og det tar Blaine heller dårleg.
Like sexy som dei førre, men med eit mykje meir personleg preg. Mia må i stor grad forholde seg til kjenslene sine, og desse gongane kan ho ikkje stikke av. Her er mykje drama, mykje kjærleik, mykje varme og vennskap. Boka tar for seg forhold på godt og vondt, og viser kor viktig det er å ha nære menneske i livet sitt ein kan lene seg på når ein har det kjipt – og kor viktig det er å faktisk lene seg på dei.
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016
Fleire bøker av Audrey Carlan finn du HER.