Boka er sponsa av Cappelen Damm
Denne boka er ein god, gammaldags grøssar; veldig typisk slike historier eg las når eg var tolv-tretten. Ei ung jente, en forbannelse, hevn, mord, ei creepy porselensdukke, og sjølvsagt vaksne som ikkje forstår noko som helst (før det er for seint).
Boka handler om Michelle, som er tolv år gamal. Saman med faren og den gravide mora flyttar dei frå bylivet i Boston til ein fredeleg tilværelse på landet, i Paradise Point. Alt ser ut til å gå heilt fint, både med farens legepraksis, moras maling og Michelle sitt sosiale liv. Så møter Michelle Amanda, og blir venninne med henne. Problemet er at Amanda døde for hundre år sidan, og bare bringer ulukker med seg. Michelle fell utfor ein skrent og vert krøpling, og stenger seg ute frå venene sine. Mora, June, vert bekymra, men får lite støtte frå faren, Cal. Verre blir det når Michelle si veslesyster, Jennifer, blir fødd. Michelle er nemleg adoptert, og Amanda overbeviser henne om at foreldra no ikkje er glade i henne lenger. Så byrjar folk i nærleiken av Michelle å dø.
Blind forbannelse er faktisk kjempeskummel! Eg trur likevel eg helst anbefaler den for tenåringar, for synsvinkelen i historia er jo stort sett frå ei tolv år gamal jente. Heldigvis står det ingen plass på boka at den er basert på ekte hendingar, så det er mogleg å puste ut etterpå.
Hjemsøkt er ein ny serie fra Cappelen Damm, med grøssarklassikarar. Serien har i tillegg til denne allereie to andre bøker i serien som kjem snart, Dødens øyne og Annabelle. Eg er veldig spent på å lese Annabelle (som har ei porselensdukke på coveret) for å sjå om det er same dukka som skrekkfilmane frå dei siste åra har kasta seg over.
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016 (1980)