Sitat

“Et lite liv” av Hanya Yanagihara

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

et-lite-liv

Dette er ei heilt fantastisk bok. Eg føler ikkje at eg har lese, eg føler at eg har levd. Eg har fordjupa meg i denne tjukke boka, og eg har levd i denne verda. Det er ikkje ei glad historie, dette er ei stor oppleving. Teksten gnistrar, orda veks og sidene flyr av seg sjølv. Eg har grått og grått og smilt og ledd, og no er det slutt. Det er ei skikkeleg tom kjensle, og eg vandrar berre rundt på måfå i leiligheta. Kva bok skal eg kunne starte på etter denne????

Denne mursteinen roterer hovudsakleg rundt Jude (sjølv om jeg-personen er Harold). Jude er det mystiske limet i vennskapet mellom han, Willem, Malcom og JB. Dei har gått på college saman, og dei held på vennskapet gjennom heile livet (sjølv om det er litt av og på). Willem, Malcolm og JB er ganske opne karakterar det ikkje tek lang tid å bli kjend med, men å bli kjend med Jude tek eit heilt liv. Det blir ganske klart tidleg i romanen at han har hatt ein grusom (eller mangel på) barndom, og dette slepp aldri taket.

Dette er hjerteskjærande lesing, og som nevnt grein eg augene mine tørre. Denne boka går så djupt, og sit att hardt. Den utforsker styrken på vennskap, ser på den ulike kjærleiken vi kan kjenne for menneske, kor mykje vi er villige å ofre for dei vi elsker. Det er ei bok om rettferd, vennskap, familie, mellommenneskelege band, skyld og skam. Men kanskje mest om vennskap.

Kapitla er av og til typ 90 sider med få blankliner, så det er ikkje teknisk sett lettlest. Men om du berre lar deg flyte med, vil boka forsvinne på nokre dager. Eg gjer denne boka toppkarakter, eller for å parafrasere ei eldre dame på Kjekt å ha (som ikkje heilt forsto korleis terningkast fungerer): “Eg gir denne boka terningkast 10 på en skala fra 1-10.”

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

One thought on ““Et lite liv” av Hanya Yanagihara

Kommentarfeltet er stengt.